Idd

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Idd var tidlegare ein kommune i Østfold. Han blei innlemma i storkommunen Halden i 1966.

Folkeetymologien koplar namnet til den eine av to systrer, Ida og Ara, som rudde kvar si bygd i grenseskogane.

Sørover frå høgdedraga ved Halden og Fredriksten festning, skrånar jordbruksbygda Iddesletta seg svakt nedover mot Fagerholt, der ho møter ei grein av Iddefjorden. Søretter langs Iddefjorden stig landet igjen. I bergknausene langs fjorden finn ein spor etter steinbrot der iddefjordsgranitt har vore henta ut. I enden av fjorden ligg herregarden Berby, ved utløpet av lakseelva Enningdalselva. Vidare oppetter elva opnar landskapet seg på nytt. Her, på grensa til Sverige ligg nok ei jordbruksbygd: Enningdalen. Den austre delen av Idd er kledd med skog. Frå Kornsjø, der jernbanen kryssar grensa, og nordover strekker ei rekke lange gran og furukledde åsar seg i nord-sør retning. I aust ligg Boksjøaene, og i nord Femsjøen. Der Femsjøen renn ut i elva Tista kvelvar eit mektig ra, ei morene frå istida seg over sagbruksstaden Tistedalen. Raet fortset nordvestover gjennom Berg og vidare nordover.

Idd er òg eit prestegjeld i Sarpsborg prosti og har sokna Asak, Enningdalen, Idd og Tistedal.