Idéhistorie

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Idehistorie)
Hopp til navigering Hopp til søk

Idéhistorie er det historiske studiet av korleis teoriar, mentalitetar og ideologiar har utvikla seg og påverka eit samfunn eller ein kulturkrins. I vesten viser omgrepet som regel berre til europeisk eller vestleg idéhistorie.[1]

Faget utforskar dei store og viktige verka innan religion, filosofi og vitskap som har skapt ein kultur, og som har bestemt eller som uttrykkjer kulturen sine oppfatningar om mennesket, om Gud og naturen, om samfunnet og historia. Dinest dreier idéhistorie seg om dei gruppespesifikke verdisystema og verkelegheitsbilda til bestemte parti, stender, klassar, sekter og kjønn, både opphavet deira og deira historiske verknader. Endeleg utforskar idéhistorie også dei kollektive og delvis umedvitne tankemønstra som er sams for epokar og nasjonale kulturar, og som avgjer åtferdsformer og preferansar, kjensleliv og meir medviten tenking.

Arbeidsmetodane i faget er gjennomgåande bruk av kjeldetilvising, retorikk og hermeneutikk. Gjennom desse metodane ønskjer faget å skildre den einskilde "ideen" eller den kulturelle stemninga som finst i tid og rom i bøker, kunstverk, bygningar og andre kulturelle ytringar.

Idéhistorie blei eit eige universitetsfag i Sverige på 1930-talet, då Johan Nordström blei utnemnd til professor i faget ved Uppsala universitet. Faget har seinare blitt oppretta som eige universitetsfag i fleire land, og kan i andre land vere eit forskingsområde innanfor andre fag.

Idehistorikarar[endre | endre wikiteksten]

Norske idehistorikarar[endre | endre wikiteksten]

Dagens norske samfunn er analysert frå fleire hald:

  • Personar som pregar norsk offentlegheit, som snakkar eller skriv med samfunnsengasjert tyngde innan fleire område, også utover sitt eige fagfelt.
  • Intellektuelle

Av desse kan ein nemne:

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Svendsen, Lars Fredrik Händler (29. mai 2018). «idéhistorie». Store norske leksikon (på norsk). 

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]