Idi Amin

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Idi Amin

FøddTruleg 1923
Koboko, Kampala
Død16. august 2003 (80 år)
Statsborgar avUganda, Saudi-Arabia, Uganda Protectorate, Uganda
Partipartilaus
Yrkepolitikar, offiser, boksar, militærvesen
EktefelleSarah Kyolaba
Alle verv
  • Ugandas president (1971–1979)
  • Organisasjonen for afrikansk enhets formann (1975–1976) Sjå dette på Wikidata

Idi Amin Dada Oumee (192316. august 2003)[a] var ein ugandisk offiser og politikar. I perioden mellom 1971 og 1979 var han president og diktator i Uganda.[2] Amin førte ein eineveldig og lunefull politikk, og vert rekna for å vera den mest kontroversielle og brutale presidenten i Uganda nokon gong.[3]

Regjeringstida til Amin var prega av politisk undertrykking, folkemord, korrupsjon, nepotisme og brot på menneskerettane. Han var også svært omstridd internasjonalt. Blant anna vart store delar av den asiatiske folkesetnaden utvist, utanlandsk eigedom ekspropriert og diplomatiske band med tidlegare samarbeidspartnarar brotne under regjeringstida hans. Internasjonale menneskerettorganisasjonar meiner at rundt 300 000 sivile vart drepne under regimet til Amin.[3] På 1970-talet vart Amin samanlikna med historiske personar som Caligula, Hitler, Beria og Himmler. I fleire av nabolanda vart han stempla som «sadist, mordar, fascist og undertrykkar».[4][5]

Liv og virke[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Idi Amin vart fødd i 1925 i det nordvestlege Uganda. I 1946 slutta han seg til King's African Rifles (KAR), som var ein del av den britiske kolonihæren, som kokk. Amin steig snøgt i gradane, og som løytnant tok han del i Shiftakrigen i Somalia i 1949 og seinare i Mau Mau-opprøret (1952–1960) i Kenya. Amin vart gjentekne gonger austafrikansk meister i tungvektsboksing i åra 1951–1960.[treng kjelde] I 1959 oppnådde han den høgaste mogelege stillinga for ein svart afrikansk offiser i KAR. Amin vart verande i hæren etter lausrivinga frå britane, og i 1966 vart han utnemnd til stabssjef i hæren.[3]

Den dåverande presidenten i Uganda, Milton Obote, mistenkte Amin for å ha misbrukt middel i hæren og for å ha stått bak to kuppforsøk mot han. Obote sende ein ordre om å pågripa Amin under ei ferd til Singapore, men Amin gjekk til motangrep og greip makta etter eit militærkupp den 25. januar 1971 under presidentens fråvær.[3]

President[endre | endre wikiteksten]

Etter at Amin erklærte seg sjølv til president på livstid i Uganda, utnemnde han seg sjølv til øvstkommanderande for dei væpna styrkane og stabssjef i hæren. Han utnemnde tidlegare soldatar til viktige regjeringspostar. I tillegg oppretta han eit forsvarsråd beståande av tidlegare militære offiserar og interne tryggingsstyrkar for å fjerna alle dei som kritiserte og motsette seg regimet hans.[3]

Terrorregime[endre | endre wikiteksten]

Kort tid etter at Amin kom til makta i 1971 byrja han massemord av høgtståande offiserar og soldatar frå acholi- og langofolket. Dette var stammar i det nordlege Uganda som hadde vore lojale mot Obote, og som Amin oppfatta som ein trugsel. Etter kvart heldt drapa fram med også å gjelda tidlegare regjeringsmedlemer, domarar, advokatar, studentar og andre borgarar som vart sett på som ein trugsel mot regimet.[3]

Samanbrotet i økonomien[endre | endre wikiteksten]

Etter at Amin utviste rundt 50 000 av den asiatiske folkesetnaden, derav dei fleste var indisk-ætta, braut India alle diplomatiske band med Uganda. I tillegg vart utenlandske eigedomar ekspropriert og verksemder nasjonalisert av det sitjande regimet utan kompensasjon. Forutan at dette fekk store konsekvensar for næringslivet, førte det til at utanlandske investeringar og bistand nærmast stansa heilt opp. Etter at fleire vestlege land støtta Idi Amin før maktovertakinga i 1971, stansa blant anna Storbritannia og Israel all handel med Uganda i 1972 etter at Amin utviste israelsk ekspertise frå landet og braut alle diplomatiske band med britane.[3]

Invasjonen av Tanzania[endre | endre wikiteksten]

Samanbrotet i økonomien og det brutale regimet til Amin førte til aukande misnøye og opprør blant dei tidlegare støttespelarane hans. Etter drapet på to ministerar i 1977, flykta fleire av hans regjeringsmedlemer og offiserar over grensa til Tanzania. Amin klandra den tanzanianske presidenten, Julius Nyerere, for å samarbeida med dei ugandiske opprørarane, og i november 1978 invaderte ugandiske styrkar Tanzania.[3]

Eksil[endre | endre wikiteksten]

To veker etter den ugandiske invasjonen gjekk Nyerere og Tanzania til motangrep, og saman med ugandarar i eksil dreiv dei den ugandiske hæren or landet. Kampane heldt fram i Uganda, og den 11. april 1979 fall hovudstaden Kampala og Amin vart tvinga til å flykta frå landet. Amin fór fyrst til Libya, men busette seg seinare i Saudi-Arabia, der han levde fram til han døydde i 2003.[3][6]

Merknader[endre | endre wikiteksten]

  1. Nøyaktig fødselsdato er ukjend, men Amin brukte 1. januar som fødselsdag. Fødselsåret har også vore omdiskutert ettersom sonen til Ide Amin meinte han var fødd i 1928.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Hans-Martin Thømt Ruud. «Idi Amins sønn klagde på nekrologen om pappaen hans i britisk avis 11 år etter» (på norsk bokmål). Dagbladet. 
  2. «Idi Amin» (på engelsk). Encyclopedia Britannica. Henta 6. mars 2024. 
  3. 3,0 3,1 3,2 3,3 3,4 3,5 3,6 3,7 3,8 Pedersen, Fredrik Lyngås: Idi Amin i Store norske leksikon på snl.no. Henta 6. mars 2024.
  4. VG - Amin personlig i TV (28. februar 1977, s.38) Arkivert 6. mars 2016 på Wayback Machine. «Amin har i løpet av de år som er gått etter maktovertagelsen, lykkes i å bli sammenlignet med ikke bare Caligula, men også Hitler, Beria, Himmler og andre velkjente, historiske forbrytere av format. Nabolandene Kenya og Tanzania har man stemplet ham som fascist, sadist, morder, og undertrykker».
  5. VG - En av vår tids største tyranner (15. juni 1977, s.19)[daud lenkje]
  6. Keatley, Patrick (18. august 2003). «Idi Amin». Henta 10. mars 2019. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Idi Amin