Idlewild South

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Idlewild South
Studioalbum av The Allman Brothers Band
Språk engelsk
Utgjeve 23. september 1970
Innspelt Februar-juli 1970
Capricorn Sound Studios
(Macon)
Criteria Studios, Atlantic South
(Miami)
Regent Sound Studios
(New York City)
Sjanger Southern rock, blues, bluesrock
Lengd 30:48
Selskap Atco, Capricorn
Produsent Tom Dowd (spor 1-5, 7)
Joel Dorn (spor 6)
The Allman Brothers Band-kronologi 
The Allman Brothers Band
(1969)
Idlewild South At Fillmore East
(1971)


Singlar frå Idlewild South
  1. «Revival (Love Is Everywhere)»
    Utgjeve: November 1970
Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
Allmusic5/5 stars[1]
Robert Christgau(B+)[2]

Idlewild South er det andre studioalbumet til det amerikanske southern rock-bandet The Allman Brothers Band. Produsenten var Tom Dowd og albumet kom ut 23. september 1970, i USA på Atco Records og Capricorn Records. Etter debutplata deira i 1969, turnerte Allman Brothers Band mykje i USA for å marknadsføre albumet, som selde heller dårleg. Konsertane deira gav dei likevel eit positivt rykte som spreidde seg til meir kjende musikarar, som Eric Clapton. Han inviterte leiaren i gruppa, Duane Allman, til å bidra til albumet hans Layla and Other Assorted Love Songs i 1970.

Som følgje av dei mange konsertane til bandet vart Idlewild South spelt inn gradvis over ein periode på fem månadar i forskjellige byar, som New York, Miami og heimbyen deira Macon i Georgia. Tom Dowd hadde opphavleg vore ønskt som produsent på debutplata, men var ikkje tilgjengeleg. Songane på Idlewild South vart skrivne medan dei var på turné og testa ut på konsertane. Albumtittelen kom frå kallenamnet dei gav huset dei budde og øvde i på denne tida. Idlewild South inneheld to av dei mest kjende songane til bandet, «Midnight Rider» (seinare ein hit for andre artistar) og «In Memory of Elizabeth Reed», som vart ein av dei mest kjende konsertsongane til bandet.

Albumet kom ut i september 1970, men selde ikkje særleg bra. Salstalet voks etter kvart som bandet gjennomførte over 300 konsertar i 1970, og danna grunnlaget for det store gjennombrotet deira med konsertalbumet At Fillmore East i 1971. Dette albumet og debutplata vart så gjevne ut på nytt i lag som samlealbumet Beginnings. I 1973 hadde Beginnings seld til gullplate for 500 000 selde eksemplar i følgje Recording Industry Association of America.[3]

I 2014 kåra Rolling Stone albumet til eit av dei mest banebrytande albuma gjennom tidene på grunn av måten det påverka southern rock.[4]

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Alle songar er skrivne av Gregg Allman, utanom der andre er nemnde.

Side ein
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«Revival»4:05
2.«Don't Keep Me Wonderin'» 3:31
3.«Midnight Rider»
  • Allman, Robert K.Payne
3:00
4.«In Memory of Elizabeth Reed»
  • Betts
6:56
Side to
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
5.«Hoochie Coochie Man»4:57
6.«Please Call Home» 4:02
7.«Leave My Blues at Home» 4:17
Super Deluxe Edition (Plate ein)[5]
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
8.«Statesboro Blues» (Session Outtake Remix)4:10
9.«In Memory of Elizabeth Reed» (Alternate Take)
  • Betts
 
10.«One More Ride» (Session Outtake Remix)
  • Allman
  • Betts
3:45
11.«Midnight Rider» (Alternate Mix)
  • Allman
  • Payne
3:43
12.«Revival (Love Is Everywhere)» (Mono Single Version)
  • Betts
2:39
Superluksusutgåve (Plate to)[5]
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«Dreams» (Live at Ludlow Garage: 1970) 10:29
2.«Statesboro Blues» (Live at Ludlow Garage: 1970)
  • McTell
8:38
3.«Trouble No More» (Live at Ludlow Garage: 1970)4:52
4.«Dimples» (Live at Ludlow Garage: 1970)5:47
5.«Every Hungry Woman» (Live at Ludlow Garage: 1970) 4:18
6.«I'm Gonna Move to the Outskirts of Town» (Live at Ludlow Garage: 1970)9:16
7.«Hoochie Coochie Man» (Live at Ludlow Garage: 1970)
  • Dixon
5:32
Superluksusutgåve (Plate tre)[5]
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«In Memory of Elizabeth Reed» (Live at Ludlow Garage: 1970)
  • Betts
15:04
2.«Mountain Jam» (Live at Ludlow Garage: 1970)45:12

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Alle medverkande frå plateomlaget.[6]

The Allman Brothers Band
Andre medverkande
  • Thom Doucette – munnspel, perkusjon

Produksjon
  • Tom Dowd – produsent, lydteknikar
  • Joel Dorn – produsent på «Please Call Home»
  • Frank Fenter – leiande produsent
  • Bob Liftin – lydteknikar
  • Chuck Kirkpatrick - lydteknikar
  • Howie Albert – lydteknikar
  • Jim Hawkins – lydteknikar
  • Ron Albert – lydteknikar
  • Jimm Roberts – kunst, fotografi
  • Suha Gur – mastering

Vekeslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1970) Plassering
Billboard Top LP's[7] 38

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Bruce Eder. «Review: Idlewild South». Allmusic. Henta 9. september 2018. 
  2. Christgau, Robert (11. mars 1971). «Consumer Guide (16)». The Village Voice. Henta 9. september 2018. 
  3. «American salstrofé – Allman Brothers Band». Recording Industry Association of America. Henta 3. mars 2018. 
  4. «The 40 Most Groundbreaking Albums of All Time». Rolling Stone (New York City: Wenner Media LLC). 5. desember 2014. ISSN 0035-791X. Henta 9. september 2018. 
  5. 5,0 5,1 5,2 «Allman Brothers Band's Second Album, Idlewild South, Marks 45th Anniversary With Remastered CD, Two-CD Deluxe, Three-CD and Blu-Ray Super Deluxe Versions» (Press release). Los Angeles. PR Newswire. 11. november 2015. Henta 26. desember 2015. 
  6. Idlewild South (plateomslag). The Allman Brothers Band. USA: Atco. 1970. SD 33-342. 
  7. The Allman Brothers Band - Awards - AllMusic. AllMusic. Henta 4. oktober 2014.