Torodd Idrettsforening
Utsjånad
(Omdirigert frå Idrettsforeningen Torodd)
Torodd Idrettsforening er eit norsk idrettslag heimehøyrande i bydelen Frogner i Oslo. Laget vart stifta 29. april 1906 og var knytt til Frogner stadion. Det flytta seinare til Grefsen.[1]
Idrettslaget var aktivt med i friidrett og skiidrett. Særleg utmerkte medlemene seg i friidrett. I mellomkrigsåra sanka hopparane Sverre Hansen, Erling Aastad, kastaren Johan Trandem og hekkeløparen Konrad Hauge laget fleire gullmedaljar i noregsmeisterskap i friidrett. På 1950-talet vart både Audun Boysen og Kai Sjøberg norske meistrar som Torodd-medlemer.
Frå ein gong i 1950-åra var Torodd eit reint friidrettslag.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «Torodd Idrettsforening – Oslo byleksikon», oslobyleksikon.no, henta 10. juni 2025
- Denne artikkelen bygger på «Torodd Idrettsforening» frå Wikipedia på bokmål, den 10. juni 2025.