IK Tjalve

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Idrettsklubben Tjalve)

Idrettsklubben Tjalve er eit friidrettslag i Oslo. Laget vart skipa i 1890, og er det eldste friidrettslaget i Noreg.

I hovudsak er Idrettsklubben Tjalve eit lag for elite- og seniorutøvarar, og samarbeider difor med Idrettslaget Koll på Nordberg i Oslo om friidrettstilbodet til born og ungdom.

Frå 1923 har Tjalve arrangert den årlege Holmenkollstafetten. Saman med dei to idrettslaga Sportsklubben Vidar i Oslo og Idrottslaget i Bondeungdomslaget i Oslo (eit særlag under Bondeungdomslaget i Oslo) er Tjalve med i Bislett Alliansen, eit samarbeidsorgan som står for det årlege friidrettsstemnet Bislett GamesBislett stadion i Oslo.

Namnet Tjalve er henta frå Gylfaginning i Snorre Sturlasons Edda. Snorre fortel her om korleis dei to bondeborna Tjalve og Roska vart den norrøne guden Tors tenarar, og at Tjalve deretter måtte løpe om kapp med jotunen Utgards-Lokes eigen tanke, personifisert som ein liten fyr med namnet Huge. Men Tjalve tapte sjølvsagt for han, for tanken flyg kjappast av alt.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]