Idrettslaget Bryn

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Idrettslaget Bryn er eit idrettslag heimehøyrande på Hustad i Fræna kommune, skipa 24. juli 1949. Laget er aktiv med i fotball, friidrett og handball. IL Bryn eig to grasbaner og ein innandørs kunststoffarena, Brynhallen, til fotball, samt ein handballhall.

Idrettslaget har om lag 250 medlemer. Utøvarane opptrer i gult med svarte busker.

Bryn sitt fotballag spelte i 3. divisjon Møre i 1970-sesongen. Laget enda på 8. og sisteplass i avdelinga, vinnar var Molde Fotballklubb. I 1988 var den legendariske Manchester United-stopparen Bill Foulkes trenar for Bryn-laget.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]