Idrettslaget Skade

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Idrettslaget Skade er heimehøyrande i Lunde i Vestfold og Telemark. Laget var stifta i 1887 og er i 2020 aktivt med i fotball, handball, langrenn, alpin skiidrett, orientering og sykling.

Den alpine skirennaren Atle Skårdal er idrettslagets mest kjende medlem. Han vart verdsmeister 1996 i super-g og vann elles sju renn i verdscupen i alpine greiner.

Laga til IL Skade spelar i gule drakter med svarte bukser. Fotballaget til Skade har ikkje delteke på høgre nivå enn det fjerde i det norske seriesystemet for menn.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]