Valder

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Idrettslaget Valder)
Hopp til navigering Hopp til søk

Idrettslaget Valder er eit idrettslag heimehøyrande på Valderøya i Giske kommuneSunnmøre. Laget vart skipa 25. august 1956 og er aktivt med i fotball, friidrett og handball. IL Valder sine lag spelar i kvite bukser og elles blått.

Valder sitt fotballag var eit fast innslag i 4. divisjon Sunnmøre gjennom 1970-åra og inn på 1990-talet. På sitt aller beste, sesongane 1984-86, spelte Valder i 3. divisjon Møre mot lag som Åndalsnes IF, Kristiansund FK og Clausenengen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]