Ids Postma

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Ids Postma
Ids Postma.JPG
Fødd 28. desember 1973
Deersum
Yrke skøyteløpar
Ids Postma på Commons

Ids Hylke Postma (fødd 28. desember 1973) er ein nederlandsk tidlegare skeiseløpar frå Deersum. Han vart både europameister og verdsmeister i 1997, og verdsmeister og olympisk gullvinnar i 1998. I tida 1996-2000 vann han tre gullmedaljar i VM i enkeltløp, to på 1500 meter og ei 5000 m.

Postma kom på andreplass i firkamp-VM 1994, Johann Olav Koss vann meisterskapen. To år seinare vart han andremann både i EM i Heerenveen og firkamp-VM i Inzell, før han tok VM-gull på 5000 m under VM i enkeltløp på Hamar, 0,11 sekund framfor Keiji Shirahata frå Japan.

I 1997 triumferte Postma både i EM i Heerenveen og i firkamp-VM i Nagano. Under vinterleikane 1998 i Nagano vart han olympisk meister på 1000 meter og tok sølvmedaljen på 1500 meter, like bak norske Ådne Søndrål. På tampen av OL-sesongen forsvarte han VM-tittelen i heimlege Heerenveen. Både i 1999 0g 2000 sikra han seg gullmedaljen på 1500 m i enkeltløps-VM.

Postma vart nummer to både i firkamp-VM 2000 og 2001, bak landsmennene høvesvis Gianni Romme og Rintje Ritsma. I 2001 kom han elles på tredjeplass i EM, same plasseringa fekk han i firkamp-VM 2003.

Postma sette to verdsrekordar, begge i OL-sesongen 1997/98. Den 29. november 1997 fekk han notert 1.49,81 på 1500 m i Berlin, og i mars 1998 vart han verdsmeister med rekordpoeng i firkampen.

Ids Postma er sidan 2009 gift med den tyske skeiseløparen Anni Friesinger.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]