Hopp til innhald

Idus martiae

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Mort de César (Cæsars død), måleri av Vincenzo Camuccini, 1798

Idus Martiae (klassisk latin idus martiae, seinlatin idus martii)[1] var den 15. dagen i månaden mars (martius),[2] og den midste dagen i månaden, etter den tradisjonelle romerske kalenderen.[3] Dagen vart markert med fleire religiøse ritual. Gjeld og renter vart ofte betalte på idus, men dagen er særleg kjend fordi den romerske statsmannen og diktatoren Julius Cæsar vart myrda ved ein konspirasjon av senatorar på denne datoen i 44. f.Kr.[4] Døden til Cæsar gjorde idus martiae til eit vendepunkt i romersk historie, som ei av hendingane som markerte overgangen frå den historiske perioden kjent som den romerske republikken og til det romerske keisarriket.[5]

  1. Anscombe, Alfred (1908): «The Anglo-Saxon Computation of Historic Time in the Ninth Century» (PDF), British Numismatic Society, s. 396.
  2. «mars», Bokmålsordboka
  3. «ides (n.)», Online Etymology Dictionary
  4. Suetonius: De Vita Caesarum, Liber I, Divus Iulius, 89
  5. «Forum in Rome» i: Oxford Encyclopedia of Ancient Greece and Rome (2010), Oxford University Press, s. 215.