Yemoja

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Iemanja)
Iemanjá-figur med offergåver i Brasil.

Iemanja, Yemana og Yemoja er nokre av fleire namn på ei havgudinne dyrka i Vest-Afrika og i den afrikanske diasporaen i Amerika, særleg i Brasil, på Cuba og Haiti. Nokre av skikkelsane hennar er påverka eller smelta saman med andre afrikanske guddommar eller med Jomfru Maria.

Afrika[endre | endre wikiteksten]

Gudinna Yemoja er kjend frå gammal jorubareligion. På joruba er namnet hennar ei samantrekking av «Yeye emo eja», 'mor med ungar som fiskar'. Ho er ei morgudinne knytt til elva Ogun, og er vernegud for kvinner, særleg dei som er svangre. Nokre forteljingar seier at ho er mor til alle orisha-åndene. Andre stader blir det sagt at ho hadde ein son, Orungan, med Agayu, og at ho i tillegg var mor til femten orishaer, mellom anna Ogun, Olokun, Shopona og Shango. I ifátradisjonen kan Yemoja vera ei utgammal kone kledd i svart og lilla, knytt til jord og myrer, også kjend under namnet Nana Burku. Dahomeygudinna Nana Buluku er også blitt teken opp i nokre gudinnetradisjonar i den nye verda.

Brasil[endre | endre wikiteksten]

Yemanja-feiring i Brasil. I candomblé den "Ile Ase Ijino Ilu Orossi."

I Brasil er gudinna dyrka innan religionane candomblé og umbanda, og kjend som Yemanjá, Iemanjá og Janaína. Ho er rekna som vernegudinne for fiskarar og skipbrotne. I delstaten Bahia er gudinna ein del av candomblé-religionen, medan ho elles i landet blir dyrka innan umbanda.

Det finst ulike feiringar for Iemanjá. I Pelotas i Rio Grande do Sul og Bahia-byen Salvador blir ho feira den 2. februar, som er den katolske helgendagen til Nossa Senhora dos Navegantes, Vår Frue for sjøfolk. I Salvador blir ho også feira den 8. desember, som er dagen for Maria si unnfanging i den katolske kyrkja. Ein kjem med offer til gudinna, gjerne blomar og kvinnelege pyntesaker som smykke, sminke, speglar eller kammar, som blir samla i store korger og frakta ut på havet av fiskarar. Deretter feirar ein dagen i gatene.

I delstaten São Paulo feirar ein Iemanjá dei to første helgene i desember i kystbyen Praia Grande, der det er sett opp ein statue av gudinna på stranda. I Rio de Janeiro feirar ein Iemanjá på nyttårsaftan den 31. desember. Store folkemengder kledde i kvitt samlar seg på Copacabana-stranda der dei kastar blomar og andre offer i havet og bed til gudinna om at ho skal oppfylla ønska deira. Gåver, flytande lys og små trebåtar med offer kan også setjast ut til gudinna andre dagar.

Cuba[endre | endre wikiteksten]

På Cuba er gudinna dyrka som Yemayá innan santeríareligionen. Ho er ein av dei mektigaste santoane, mor til både dei andre santoane og menneskja. Ho er havet personleggjort, herskaren over alt saltvatn, og er knytt til fargen blå.

Yemayá er knytt til Virgen de Regla (ein tittel for Jomfru Maria), som er vernehelgen for Havana.

Haiti[endre | endre wikiteksten]

Gudinna er kjend som La Sirène i haitisk vodoun.

USA[endre | endre wikiteksten]

I New Orleans er gudinna kjend frå hoodoo som Yemalla eller Yemana.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]