If I Can Dream

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
If I Can Dream
Singel av Elvis Presley
B-side «Edge of Reality»
Utgjeve 5. november 1968
Innspelt Juni 1968
Sjanger rock, Pop
Lengd 3:10
Selskap RCA Records
Låtskrivar(ar) Walter Earl Brown
Elvis Presley-kronologi
«A Little Less Conversation»
(1968)
If I Can Dream «Memories»
(1969)


«If I Can Dream» er ein song gjort kjend av Elvis Presley, skriven av Walter Earl Brown[1] og kjend for dei direkte sitata frå Martin Luther King jr.. Songn vart publisert av songforlaget til Elvis Presley, Gladys Music Inc. Han vart spelt inn av Presley i juni 1968, to månader etter drapet på King. Innspelinga vart først gjeven ut offentleg som siste songen frå '68 Comeback Special-programmet til Presley.

Sjølv om songen teknisk sett ikkje er ein gospelsong, framførte Presley songen med intensiteten og intonasjonane frå southern gospel. Han har sidan vore gjeven ut på forskjellige samlealbum med gospelmusikk av Presley.[2]

Historie[endre | endre wikiteksten]

Brown vart beden om å skrive ein song for å erstatte «I'll Be Home for Christmas» som den store finalen på NBC-programmet «Elvis» (20.-23. juni 1968). Han skreiv «If I Can Dream» og då Presley høyrde songen sa han «Eg skal aldri synge ein song til eg ikkje trur på. Eg skal aldri lage ein film til eg ikkje trur på.»[3]

Steve Binder, som produserte TV-sendinga til Presley i 1968, har ofte snaka om opphavet til «If I Can Dream». Presley og Binder såg etter ein måte å avslutte showet på. Dei to hadde diskutert kor sjokkert dei var over drapet på Martin Luther King jr. og Bobby Kennedy. Binder bad så W. Earl Brown, ein låtskrivar som arbeidde for showet, om å kome med ein song om temaet som Presley kunne avslutte showet med. Så sjølv om Presley ikkje skreiv songen, vart det synspunktet hans som vart uttrykt i songen.[4]

Songen vart publisert av Elvis Presley-selskapet Gladys Music, Inc.

Då Earl Brown synte fram songen sa Colonel Tom Parker: «Det er ikkje ein Elvis-aktig song.» Elvis var òg der og sa: «Eg vil prøve han, mann.» Earl Brown sa at då Elvis spelte inn songen såg Brown tårer som rann ned kinna på dei tre korsongarane. Ein av dei sa til han: «Elvis har aldri sunge ein song med så mykje kjensler før. Han meiner kvart ord.»[5]

Innspeling og suksess[endre | endre wikiteksten]

Songen vart gjeven ut på singel før sendinga i desember det året, i november 1968, med «Edge of Reality» som B-side. Han låg på Billboard Hot 100 i 13 veker, og nådde 12. plassen med meir enn ein million eksemplar;[3] sjølv om RIAA berre har sertifisert songen med gullplate (for 500 000 selde eksepmlar).[6] I Canada nådde songen sjetteplassen på RPM-lista.[7]

I popkulturen[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]