If I Needed You

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
If I Needed You
Singel av Emmylou Harris og Don Williams
frå albumet Cimarron
B-side

Ashes by Now

Utgjeve September 1981
Sjanger Country
Lengd 3:37
Selskap Warner Bros. Nashville
Låtskrivar(ar) Townes Van Zandt
Produsent Garth Fundis, Don Williams
Emmylou Harris-kronologi 
«I Don't Have to Crawl»
(1981)
If I Needed You «Tennessee Rose»
(1981)
Don Williams-kronologi
Miracles
(1981)
If I Needed You Lord, I Hope This Day Is Good
(1981)


«If I Needed You» er ein song skriven av Townes Van Zandt og framført i 1972 på albumet hans The Late Great Townes Van Zandt. Ni år seinare vart han spelt inn av dei USA-amerikanske countryartistane Emmylou Harris og Don Williams som ein duett, og gjeven ut i september 1981 som den første singelen frå Harris-albumet Cimarron. Songen nådde då tredjeplassen på Billboard Hot Country Singles-lista[1] og toppen av RPM Country Tracks-lista i Canada.[2]

Salslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1981) Plassering
US Country Songs (Billboard)[3] 3
Canadian RPM Country Tracks 1

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

Andre artistar som har spelt inn songen er Andrew BirdHands of Glory, Guy ClarkSongs and Stories, Lyle LovettStep Inside This House og andre. Songen vart spelt inn av Doc Watson for plata hans Then and Now. I 1997 spelte Dead Ringer Band inn songen på albumet deira Living in the Circle.In 2012 gav Mumford & Sons ut ein versjon av songen. Kasey Chambers spelte inn songen i 2011 på albumet hennar Storybook. I 2018 gav den spanske visesongaren Javier Álvarez ut ein versjon av songen på albumet 10.

Ein svenskspråkleg versjon av songen kalla «Om jag behövde dig» kom ut i 2016 på albumet Vid Grinden av Georga i ein duett med songaren Frida Wiljansros.

Joey + Rory spelte inn songen på albumet deira Made to Last i 2013. Adam Harvey og Beccy Cole spelte inn songen på albumet deira The Great Country Songbook Volume 2 (2017). I 2017 spelte Jason Isbell og Amanda Shires inn ein versjon for eit hyllestalbum til Don Williams. Gove Scrivenor spelte inn ein versjon på albumet Shine On i 1998.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]