If You Go Away

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
If You Go Away
av Damita Jo
frå albumet If You Go Away
B-side

«Yellow Days»

Utgjeve 1966
Sjanger Jazz
Lengd 3:49
Selskap Epic Records
Komponist Jacques Brel
Låtskrivar(ar) Jacques Brel, Rod McKuen
Produsent Bob Morgan
Damita Jo-kronologi 
«Gotta Travel On»
(1965)
If You Go Away «Walk Away»
(1967)


«If You Go Away» er ei engelsk omsetjing som Rod McKuen har gjort av den franske Jacques Brel-songen «Ne me quitte pas» frå 1959. Songen vart omsett som ein del av eit større prosjekt for å setje om songane til Brel. «If You Go Away» vert rekna som ein popstandard og har vorte spelt inn av mange artistar, mellom anna Greta Keller, som McKuen skreiv teksten for.[1]

Damita Jo nådde 10. plass på Adult Contemporary-lista og 68. plass på Billboard Hot 100 i USA i 1966 med sin versjon.[2] Terry Jacks spelte ein versjon av songen som vart gjeve ut på singel i 1974 og som nådde 29. plass på Adult Contemporary-lista og 68. plass på Billboard Hot 100, i tillegg til ein åttandeplass i Storbritannia.[3]

Den komplekse melodien er delvis henta frå klassisk musikk - det gripande «But if you stay...»-partiet kjem frå Franz Liszt sin Ungarsk rapsodi nr. 6.

Teksten[endre | endre wikiteksten]

If you go away on this summer day
Then you might as well take the sun away

Rod McKuen

Teksten er ein trist, men fylt av håp og handlar om nokon som fortel kjæraste sin kor stort saknet vil bli om dei drar. Dette er skildrande i levande bilete, som «there'll be nothing left in the world to trust». Men om kjærasten blir, så lovar forteljaren at dei begge vil få oppofring og gode stunder («I'll make you a day / Like no day has been, or will be again»). Somme linjer syner at forteljaren snakkar til kjærasten medan dei alt forlét kvarandre, eller tenkjer på å dra («Can I tell you now, as you turn to go...»). Linjene «If you go, as I know you will» og sidan «...as I know you must» gjer det tydeleg at uansett kor mykje forteljaren prøver, så må kjærasten dra.

Omsetjinga til McKuen har store endringar i forhold til den original Brel-teksten. Den engelske versjonen er basert på kontrasten mellom kva som vil skje «om du dra» og kva som skjer om «du blir».

I den originale franske teksten tryglar songaren kjæraste hans om å ikkje dra frå han og er meir bønfallande og sjølvaudmjukande (tittelen «Ne me quitte pas» tyder «Ikkje dra frå meg»). Skilnaden er tydeleg i det siste biletet i den franske versjonen, og sjølv om McKuen har ein liknande sentimentalitet er den franske teksten, og songen generelt, dystrare: «La meg bli skuggen av skuggane dine, skuggen av handa di, skuggen av hunden din.» (omsett frå originalen) i motsetnad til «Eg ville vore skuggen av skuggen din om eg trudde det ville heldt meg ved sida di.» (omsett frå engelsk tekst).

Den engelske versjonen har ikkje teke med ein del av den originale versjonen der songaren tryglar kjærasten om å gje forholdet deira ein ny sjanse.

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

  • 1960: Barbara, ein nær ven av Brel, var den første til å synge inn ein ny versjon av songen på albumet Barbara chante Brassens et Brel, noko ho vann ein Le Grand Prix du Disque for.
  • 1964: Marlene Dietrich spelte inn den første ikkje-franske versjonen av songen, «Bitte geh' nicht fort», som ho spelte i Olympia i Paris det året Brel varma opp for ho.
  • 1965: Nina Simone spelte inn ein fransk versjon på albumet hennar, I Put a Spell On You.
  • 1967: Dusty Springfield gav ut ein versjon på albumet hennar The Look of Love. Då livet til Springfield vart gjort til musikal i 2000 vart «If You Go Away» vald som klimakset for showet.
 • Jack Jones spelte songen for albumet Lady.
 • Kim Weston spelte ein versjon for albumet For The First Time.
 • Lana Cantrell gav ut ein versjon på albumet hennar And Then There Was Lana. Han er hovudsakleg på engelsk, men denne versjonen inneheld ei linje på fransk, «Ne me quitte pas».
 • The Seekers spelte inn ein versjon for albumet deira, Seen in Green.
 • Shirley Bassey gav ut ein versjon som ein singel frå albumet hennar And We Were Lovers. Bassey spelte òg inn ein alterantiv versjon i Italia i 1968, som berre vart gjeve ut her. McKuen likte godt versjonen til Bassey og skreiv takkebrev til ho.[4] I 2002 vart versjonen hennar nytta i filmen Merci Docteur Rey.
 • Tom Jones gav ut ein versjon på Decca-albumet Help Yourself.
 • Brenda Lee spelte inn ein versjon i Nashville som finst på albumet hennar Johnny One Time.
 • Lill Lindfors spelte songen som «Om du går din väg» for albumet Kom i min värld
 • Angélica María spelte inn ein spansk versjon kalla «No me dejes» for albumet hennar Cuando me enamoro.
 • Dottie West spelte inn ein versjon for albumet hennar What I'm Cut Out to Be.
 • Scott Walker spelte inn ein versjon på albumet hans Scott 3.
 • Ray Charles gav ut ein versjon av songen på albumet hans Come Live with Me.
  • 1989: Helen Merrill spelte inn ein versjon av songen på albumet hennar Collaboration, i lag med tenorsaksofonisten Stan Getz og pianist Joachim Kühn.
  • 1990: Julio Iglesias spelte inn ein versjon av songen på albumet hans Starry Night.
  • 1999: Emilíana Torrini spelte inn ein versjon som B-sida til singelen To Be Free (òg på albumet Rarities)
  • 2000: Moloko remiksa og omarbeidde Shirley Bassey-versjonen. Denne vart gjeve ut på Bassey-albumet The Remix Album... Diamonds Are Forever og vart kalla «DJ Skymoo Mix».
  • 2002: Patricia Kaas gav ut ein versjon på albumet hennar Piano Bar by Patricia Kaas.
 • Wave in Head slo seg i lag med Empire State Human for å spele songen, som vart gjeve ut på albumet Synthetic Broadway.
 • Cyndi Lauper gav ut ein versjon på albumet hennar At Last.
 • Ambulette gav ut ein versjon av songen på den første EPen deira, The Lottery.
 • Lesley Garrett gav ut ein versjon av songen på albumet hennar When I Fall in Love.
 • Holly Cole spelte inn songen for albumet hennar Night
  • Tidlegare Soft Cell-songar, Marc Almond, spelte inn songen på Jacques, eit album med berre songar av Jaques Brel.
  • Eartha Kitt framførte songen på konsertar, den første på «Live in London» og den adnre som ein medley med Hymn to Love, på Live at the Cheltenham Jazz Festival.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Greta Keller bio on IMDB
  2. Damita Jo Chart Singles Discography Henta 27. august 2013.
  3. Terry Jacks Chart Singles Discography Henta 27. august 2013.
  4. Rod McKuen, letter to Bassey reproduced in CD liner notes, BGO CD693
  5. Oliver, Oliver Again Henta 27. august 2013.


Føregangar
«Seasons in the Sun»
Terry Jacks
Toppen av VG-lista
Terry Jacks

4 veker, veke 35-39, 1974
Etterfylgjar
«Rock Your Baby»
George McCrae