If You See Her, Say Hello

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
If You See Her, Say Hello
Song av Bob Dylan
frå albumet Blood on the Tracks
Utgjeve Januar 1975
Innspelt 30. desember 1974
Sjanger Folkrock
Lengd 4:49
Selskap Columbia
Låtskrivar(ar) Bob Dylan
Produsent Bob Dylan

«If You See Her, Say Hello» er ein song av Bob Dylan frå 1975, gjeve ut på det 15. studioalbumet hans, Blood on the Tracks, og som B-sida til ein singel. Det er ein av fem songar på albumet som Dylan opphavleg spelte inn i New York City i september 1974 og så spelt inn på ny i Minneapolis i desember det året. Den siste innspelinga, frå 30. desember 1974, vart vald ut for albumet.

Alle innspelingane frå New York av «If You See Her, Say Hello» vart gjeven ut på luksusutgåva av The Bootleg Series Vol. 14: More Blood, More Tracks i 2018, og det første opptaket av songen, spelt inn 16. september 1974, er òg gjeven ut på den enkle CD- og den doble vinylutgåva av albumet.[1] Det andre opptaket av songen, frå 16. september var alt gjeve ut i 1991 på The Bootleg Series Volumes 1–3 (Rare & Unreleased) 1961–1991. Luksusutgåva av The Bootleg Series Vol. 14 inneheld òg ein ny miks av albumutgåva av songen.[1]

Songen skildrar ein anonym tapt kjærast som songaren hadde ein «uvenskap» med. Sjølv om songaren tydelegvis er såra av brotet, forstår songaren at det var best for kjærasten at det vart som det vart.

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

Det finst ein italiensk versjon av songen kalla «Non dirle che non è così» av songaren Francesco De Gregori.

Jeff Buckley spelte songen i eit konsertopptak på albumet sitt Live at Sin-é.

Den brasilianske songaren Renato Russo spelte inn songen og endra tittelen og teksten til «If you see him, say hello».

Norsk versjon[endre | endre wikiteksten]

Tom Roger Aadland skreiv ein nynorsk tekst til songen kalla «Om du ser ho, hels frå meg» for albumet Blod i spora i 2009.

Referansar i popkulturen[endre | endre wikiteksten]

Bob Geldof brukte tittelen som opningslinje til songen «A Gospel Song» på albumet The Vegetarians of Love i 1990.[2]

Songen vert nemnt av rollefiguren til David Duchovny, Hank Moody, mot slutten av episode fem av serien Californication, og skildra albumet som «eit klassisk album om hjartesorg» og byrja å syngje opningsverset av songen til dottera Becca.

I eit intervju med The Guardian fortalte Ricky Gervais at songen var den siste han nokon gong spelte medan han arbeidde på Xfm. Han kalla òg Blood on the Tracks favorittalbumet sitt.[3]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 «More Blood, More Tracks – The Bootleg Series Vol. 14 to Be Released on November 2 | The Official Bob Dylan Site». www.bobdylan.com (på engelsk). Henta 27. november 2018. 
  2. «Archived copy». Arkivert frå originalen 21. august 2009. Henta 27. november 2018. 
  3. «Home entertainment - Friday 12. april 2002». The Guardian. Henta 27. november 2018. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]