Blåkroneifrit

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Ifritfamilien)
Blåkroneifrit
Hannfugl av blåkroneifrit Illustrasjon av John Gerrard Keuleman, 1899
Hannfugl av blåkroneifrit
Illustrasjon av John Gerrard Keuleman, 1899
Status
Status i verda: LC Livskraftig
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Orden: Sporvefuglar Passeriformes
Infraorden: Corvidae Corvida
Overfamilie: Corvoidea
Familie: Eupetidae
Slekt: Ifrita
Art: Blåkroneifrit I. kowaldi
Vitskapleg namn
Ifrita kowaldi

Blåkroneifrit (Ifrita kowaldi) er ein insektetande fugleart som lever i det indre av Ny-Guinea. Han er plassert som einaste medlemmen av slekta Ifrita, som historisk var plassert i familien vakteltrastar eller monarkar i ordenen sporvefuglar. Det ser no ut til at fuglen er meir rettvist plassert i sin eigen familie Ifritidae,[1] med norsk namn ifritfamilien.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Blåkroneifritar blir ca. 16 til 17 centimeter i kroppslengd og kan vege opp til 36 gram, og har gulaktig til brun fjørdrakt med ei blå og svart krone. Hannen har ein kvit strek bak auget, medan hoa her er gulfarga. Desse fuglane kryp på stammar og greiner på jakt etter insekt.

Denne gåtefulle fuglen representerer ein av berre tre fugleslekter kjent for å ha giftige medlemmar, dei andre er slekta Pitohui, òg frå Ny-Guinea, og slekta Colluricincla med arten lauvplystrar i Australia. Blåkroneifrit, nett som arten giftpitohui, har evne til sekresjon av batrachotoksin gjennom hud og fjører, noko som fører til kjenslelause og prikking hos dei som handterer fuglen. Gifta kjem inn i kroppen gjennom føda, spesielt frå biller i slekta Choresine.[2]

Storleiken på populasjonen er ikkje kjent, men er trudd å vere stabil og han er vanleg i utbreiingsområdet, arten er derfor kategorisert som livskraftig, LC.[3]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar
  1. Schulenberg T.S.; M. J. Iliff; B.L. Sullivan; C. L. Wood; T. A. Fredericks; D. Roberson (august 2016), eBird/Clements Checklist v2016 (CSV), Cornell Lab of Ornithology, henta 23. august 2016 
  2. Dumbacher, J.P.; et al. (2004). «Melyrid beetles (Choresine): A putative source for the batrachotoxin alkaloids found in poison-dart frogs and toxic passerine birds». PNAS 101 (45): 15857–15860. PMC 528779. PMID 15520388. doi:10.1073/pnas.0407197101. 
  3. BirdLife International (2016) Species factsheet: Ifrita kowaldi Arkivert 2016-09-16 ved Wayback Machine.. Henta frå http://www.birdlife.org den 6. september 2016

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Blåkroneifrit