Ignace Heinrich

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Ignace Heinrich

Ignace Heinrich (31. juli 19259. januar 2003) var ein fransk friidrettsutøvar, fødd i Ebersheim i Bas-Rhin, som i 1950 vart europameister i tikamp.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Heinrich vart under 2. verdskrigen kalla til krigsteneste for Nazi-Tyskland. Etter å ha vore sovjetisk krigsfange fekk han sommaren 1945 vende heim til farsgarden i Ebersheim.

I 1947 deltok Heinrich for fyrste gong i ein tikamp og sanka 6 300 poeng. Under Sommar-OL 1948 i London tok han med 6 974 poeng, einast den unge USA-amerikanaren Bob Mathias var betre. To år seinare vann Heinrich tikampen ved europameisterskapen 1950 med sine 7364 poeng, 67 poeng føre islendingen Örn Clausen. Sundag 29. og måndag 30. juli 1951 møttest dei to i eit meistermøte i Reykjavik. Clausen leia etter fyrste dag, men Heinrich kom tilbake andre dag og vann med 7 476 poeng mot Clausens 7 453. Dermed forbetra han den franske tikamp-rekorden for femtande og siste gong. Prestasjonen tilsvarar etter dagens tabellar 6934 poeng.

Heinrich vart fransk meister i tikamp åra 1947, 1948, 1949 og 1952. Dessutan var han fransk meister 1949 i lengdehopp og i 1952 fransk meister i så vel 110 meter hekk som i stavhopp.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]