Igor Malkov
| Igor Malkov | |
| Statsborgarskap | Russland, Sovjetunionen |
| Fødd | 9. februar 1965 (61 år) Pervouralsk |
| Idrett | lengdeløp på skeiser |
| Tok del i | Hurtigløp på skøyter under Vinter-OL 1984 – 5000 meter herrer, Hurtigløp på skøyter under Vinter-OL 1984 – 10000 meter herrer |
| Utmerkingar | Ordenen folkenes vennskap, Hedret mester i idrett av Sovjetunionen |
Igor Aleksejevitsj Malkov (fødd 9. februar 1965) er ein russisk tidlegare skeiserennar frå Pervouralsk som representerte Sovjetunionen. Han vart olympisk meister på 10 000 meter under Vinter-OL 1984 i Sarajevo, der han også tok sølv på 5 000-meteren.
Aktiv
[endre | endre wikiteksten]28. desember 1983 fekk Malkov notert 13.54,8 på mila under eit stemne i Almaty. Tida var nær 29 sekund under den gjeldande verdsrekorden på distansen, ein rekord svenske Tomas Gustafson hadde sett. Tida vart ikkje godkjent som verdsrekord, ettersom stemnet ikkje var meldt ISU, derimot vart tida hans ståande som hans livsbeste på 10 000 m.
Under dei olympiske vinterleikane 1984 kom Malkov i fjerde par på 5000 meter i mål på tida 7.12,30, fattige to hundredels sekund bak Tomas Gustafson som i fyrste par fekk dagens beste tid. Seks dagar seinare, den 18. februar, starta Gustafson i andre par på 10 000 m og gjekk i mål til sluttid 14.39,95. I fjerde par kryssa Malkov målstreken på 14.39,90 og vann gullmedaljen. Siste helga i februar enda Malkov på åttandeplass i Skeise-VM i Göteborg, utan å vinne korkje langdistansane.
På Medeobana ved Almaty sletta Malkov den 24. mars 1984 verdsrekorden på 10 000 meter. Tida 14.21,5 stod som verdsrekord til Geir Karlstad i 1986 presterte 14.12,1 i Inzell. Malkov vart nummer 10 i Skeise-VM 1986, men nådde aldri opp til tidlegare nivå. Han la opp som aktiv i 1988.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Igor Malkov» frå Wikipedia på nederlandsk, den 2. februar 2026.