Igor Paklin

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Igor Paklin
Fødd 15. juni 1963
Bisjkek
Yrke friidrettsutøvar

Igor Paklin (fødd 15. juni 1963) er ein tidlegare friidrettsutøvar frå Frunze i Kirgisistan. Han deltok internasjonalt i høgdehopp for Sovjetunionen og seinare Kirgisistan. Paklin vann EM-gull i øvinga i 1986 og VM-sølv i 1987.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Paklin høyrde til verdseliten i høgdehopp frå 1983-sesongen. Han kom då på delt fjerdeplass under friidretts-VM i Helsingfors, på same høgda som bronsevinnaren. Same sesongen vann han høgdetevlinga under universiaden i kanadiske Edmonton. To år seinare forsvarte Paklin universiadetittelen då han i japanske Kobe sette verdsrekord med 2,41 meter den 4. september 1985, ein verdsrekord som stod til 30. juni 1987 då svenske Patrik Sjöberg hoppa ein centimeter høgre.

Prestasjonen i Kobe var den ypparste Paklin stod for. Året etter vann han høgdehopp under EM 1986 i Stuttgart med 2,34 m, og vinteren 1987 sigra han i innandørs-VM i Indianapolis i USA med å svinge seg over 2,38 m. Nett like høgt hoppa Paklin under VM 1987 i Roma, med det vart han sølvvinnar på same høgda som landslagskameraten, gullmedaljøren Gennadij Avdejenko.

Paklin deltok i store meisteskap fram til 1993, men hamna litt lengre nede på resultatlista for kvar einaste gong.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]