Igor Ter-Ovanesjan

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Igor Ter-Ovanesjan
Igor Ter-Ovanesyan 1964.jpg
Igor Ter-Ovanesjan under Sommar-OL 1964
Verkeleg namn Игорь Арамович Тер-Ованесян
Fødd 19. mai 1938
Kiev
Yrke friidrettsutøvar
Igor Ter-Ovanesjan på Commons

Igor Aramovitsj Ter-Ovanesjan (fødd 19. mai 1938) er ein sovjet-russisk tidlegare friidrettsutøvar av armensk opphav, fødd i Kiev, som representerte Sovjetunionen. Frå slutten av 1950-åra var han i 15 år ein av dei aller beste lengdehopparane i verda. Han vart europameister både i 1958, 1961 og 1969 og fekk to OL-bronsar og to EM-sølv. Ter-Ovanesjan vart tolv gongar sovjetisk meister i lengdehopp. Han sette ein verdsrekord og ein europarekord, og var den fyrste europearen som hoppa over åtte meter. Elleve gongar forbetra han den sovjetiske rekorden i lengdehopp.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Ter-Ovanesjan sette sovjetisk rekord i lengdehopp med 7,74 m då han i 1957 vann sin fyrste nasjonale tittel. Året etter vart han europameister i Stockholm med ein margin til andremann på 14 centimeter. Under sommar-OL 1960 i Roma sette han ny europarekord med 8,04 meter og fekk bronsemedaljen, verdsrekordhaldaren Ralph Boston frå USA vann med 8,12 m.

Ter-Ovanesjan forsvarte EM-tittelen i 1962, då han under meisterskapen i Beograd var heilt suveren med 8,19 m, dei to andre medaljevinnarene stoppa på 7,85 m. Tidlegare i sesongen, 10. juli 1962, hadde han sett verdsrekord med eit hopp på 8,31 meter i Jerevan. Under dei olympiske leikane i Tokyo i 1964 fekk han som i førre OL ein bronsemedalje, og var som sist åtte centimeter bakom gullvinnaren, som noko overraskande vart Lynn Davies frå Storbritannia.

To år etter Tokyo-OL lukkast ikkje Ter-Ovanesjan å ta sin tredje strake EM-tittel, på ny vart han slått av Davies og måtte sjølv ta til takke med sølv. Ter-Ovanesjan hadde elles det beste lengdehoppet i verda i både 1966- og 1967-sesongen. Sin endelege personlege rekord sette han då han i oktober 1967 tangerte verdsrekorden på 8,35 meter i prøveleikane i Mexico-byen. Frå olympiaden i Mexico-byen i 1968 måtte derimtot Ter-Ovanesjan for fyrste gong reise medaljelaus heim, trass eit lengstehopp på 8,12 m vart han nummer fire.

I 1969 presterte Ter-Ovansjan for fjerde gong det årleg lengste lengdehoppet i verda. Med 8,17 m i finalen under europameistersakpen i Aten revansjerte hans seg mot Lynn Davies, som tok sølvmedaljen. To år seinare var Ter-Ovanesjan nær ved å vinne sitt fjerde EM-gull, men i ei tevling utan dei store lengdene enda han ein centimter bakom gullmedaljøren Max Klauß frå Aust-Tyskland. Ter-Ovanesjan la opp etter OL-sesongen 1972.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

Han vart europameister innandørs i 1966 og 1969.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]