Igor Zjelesovskij

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Igor Zjelesovskij

Igor Zjelezovski.jpg

Statsborgarskap Den kviterussiske sosialistiske sovjetrepublikken, Belarus
Fødd 1. juli 1963
Orsja
Død

12. juni 2021 (57 år)
Minsk

Idrett lengdeløp på skeiser
Tok del i

Vinter-OL 1992, Vinter-OL 1994, Vinter-OL 1988, Hurtigløp på skøyter under Vinter-OL 1988 – 1000 meter herrer, Hurtigløp på skøyter under Vinter-OL 1994 – 1000 meter herrer

Utmerkingar

Idrettens mester i Sovjetunionen

Igor Nikolajevitsj Zjelezovskij (1. juli 196312. juni 2021) var ein skeiseløpar frå Orsja i Kviterussland som representerte Sovjetunionen og frå 1992 Kviterussland. Han vart sprintverdsmeister seks gongar i tida 1985-93.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Heilt på tampen av 1983-sesongen sette Zjelesovskij verdsrekord på 1500 meter med tida 1.54,26 på Medeo-bana ved Alma Ata. Både i 1985 og 1986 vann han verdsmeisterskapen i sprint med klar margin, framfor høvesvis Gaétan Boucher og Dan Jansen. Den 5. desember 1987 tok han tilbake verdsrekorden på 1500 m då han på OL-isen i Calgary kom i mål på 1.52,50. Under Vinter-OL 1988 i Calgary to månader seinare fekk han bronsemedaljen på 1000 m og vart fjerdemann på 1500 m.

I slutten av februar 1989 vart Zjelezovskij verdsmeister i sprint for tredje gong. Under meisterskapen i Heerenveen forbetra han verdsrekorden på 1000 m til 1.12,58 og firkamprekorden i sprint til 145,945 poeng. Ved sprint-VM 1990 i Tromsø kom han på bronseplassen, eit stykke bak verdsmeister Bae Ki-tae frå Sør-Korea og sin eigen lagkamerat Andrej Bakhvalov.

Vintrane 1991, 1992 og 1993 vann Zjelesovskij tre strake VM-titlar i sprint. Særleg imponerte han i 1992 då han på Bislett stadion i Oslo vann alle distanseløpa og slo nestemann med nærpå to tidspoeng. Under Vinter-OL 1994Hamar tok han leiinga på 1000 m, men måtte sjå at Dan Jansen i eit seinare par sette verdsrekord med 1.12,43 og vann OL-gullet. Dermed avslutta Zjelesovskij idrettskarrieren med olympisk sølvmedalje som beste OL-prestasjon.

Zjelesovskij vart sovjetisk sprintmeister åra 1985-86 og 1989-91.

Frå 1992/93-sesongen representerte Zjelezovskij Kviterussland. Etter han la opp som aktiv i 1994 var han i fleire år president i Kviterussland skeiseforbund.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]