Igunaq

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Utdeling av igunaq blant inuittar.

Igunaq (inuktitut ᐃᒍᓇᖅ)  [iɣuˈnaq]),[1] eller kopalhen (tsjuktsjisk копалгын, romanisert kopalgyn, IPA [kopaɬɣən]) er ein metode for mattilreiing i inuittisk, tsjuktsjisk, nenetsisk og evenkisk tradisjon. Han blir brukt for ulike typar kjøt, særleg frå kvalross og andre sjøpattedyr. Kjøt og feitt frå dyr fanga om sommaren blir grave ned i bakken i stykke, og går gjennom ei fermentering om hausten og frys over vinteren. Neste år er det klart til å etast. Igunaq er rekna som ein delikatesse, og er ganske kostbart. Retten er likevel blitt mindre vanleg dei siste åra, etter at andre typar mat er blitt meir tilgjengeleg i arktiske område. Det følgjer også ein viss risiko ved retten. Feil tillaging kan føra til sjukdom og død gjennom botulisme.[2][3]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Igunaq (n.d.)]. Inuktitut: Living Dictionary. Henta 14. september 2012.
  2. Igunaq - Aged Meat (PDF), arkivert frå originalen (PDF) 27. april 2022, henta 8. november 2022 
  3. «Traditionally prepared walrus meat connected to botulism patients», Food Safety News (på engelsk), 6. april 2021, henta 8. november 2022