Ikeya-Zhang

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
153P/Ikeya-Zhang
Comet-Ikeya-Zhang.jpeg
Ikeya–Zhang on April 1, 2002
Oppdaging
Oppdaga av: Kaoru Ikeya, Zhang Daqing
Oppdaga dato 1. februar 2002
Alternative namn: C/2002 C1
BaneelementA
Epoke 13. oktober 2002
Aphel (Q) 101.9200 AU
Perihel (q) 0.507141 AU
Store halvakse (a) 51.2136 AU
Eksentrisitet (e) 0.990098
Omløpsperiode (P) 366.5101 år[1]
Førre perihel 18. mars 2002[1]
29. januar 1661[2]
Neste perihel 1. september 2362[2]

Kometen Ikeya–Zhang (offisielt 153P/Ikeya–Zhang) er ein komet som vart oppdaga av tre astronomar kvar for seg den 1. februar 2002. Japanaren Kaoru Ikeya oppdaga han kl. 09.50 UTC, kinesaren Daqing Zhang halvannan time seinare, medan brasilianaren Paulo Raymondo fann han same dag, men då hadde alt meldinga om kometen gått ut frå IAU.

Ikeya-Zhang framstod som ein diffus ball på himmelen med storleiksklasse 3 og med ein hale. Han fann seg i nærleiken av Andromedagalaksen, og var nærast sola 18. mars, 75 millioner km unna, og nærast jorda 30. april, 60 millioner km unna.

Studiar av banen til Ikeya-Zhang viser at kometen har vitja oss tidlegare, i 1661. Han vart da kalt Hevelius' komet, etter oppdagaren Johannes Hevelius frå Polen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Delphin, Inger Lise A. (14. februar 2009). Ikeya Zhang. I Store norske leksikon. Henta 13. august 2014 frå http://snl.no/Ikeya-Zhang.
  • 1,0 1,1 «JPL Small-Body Database Browser: 153P/Ikeya-Zhang». Jet Propulsion Laboratory. 2002-10-02 last obs (arc 341.6 yr). Henta 13. juni 2016. 
  • 2,0 2,1 Syuichi Nakano (2002-08-13). «153P/Ikeya-Zhang». OAA Computing and Minor Planet Sections. Henta 13. juni 2016.