Ikjefjorden

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Ikjefjorden er ein fjordarm på sørsida av Sognefjorden i Høyanger kommune. Fjorden strekkjer seg 4,5 km søraustover frå innløpet.

Fjorden har innløp mellom Fureneset i vest og Massenesberget i aust. Ved Massenesberget ligg Storholmen og frå her og over til Fureneset går Ikjefjordbrua langs Fv8. Brua har ei lengd på 340 meter og ei seglingshøgd på 18 meter. Like innanfor innløpet ligg garden ytre Tredalen hundre meter opp i fjordsida. Indre Tredalen ligg nede ved fjorden litt lenger inn i fjorden.

Inst i fjorden ligg bruka Ikjen, som fjorden er kalla opp etter, på vestsida og Øystrebø på austsida. Fv8 går langs vestsida av fjorden, medan austsida stort sett er urørt. Austsida er òg bratt med Blåfjellet som stig bratt opp til 638 meter over havet.