Ikkje-metall

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Ikkje-metall er dei grunnstoffa som er isolatorar i kondensert tilstand (sjølv om dei fleste under normale tilhøve er gassar), og elles ikkje har eigenskapar som er typiske for metall. Ikkje-metalla har stort sett høg elektronegativitet og dannar negative ion. Dei dannar oftast kovalente bindingar med kvarandre eller ionebindingar til metall. Eit ikkje-metall består av molekyl. [1]

Med unntak av hydrogen står ikkje-metalla i øvre høgre del av periodesystemet og er skilde frå metalla med ei diffus skrå line av halvmetall. Bortsett frå vatn (dihydrogenmonoksid), som er nøytralt, er oksid av ikkje-metall sure – t.d. karbondioksid (dannar kolsyre i vatn), nitrogendioksid (dannar salpetersyre) og svoveltrioksid (dannar svovelsyre).

Følgjande faste stoff, væsker og gassar høyrer til ikkje-metalla: hydrogen, karbon, nitrogen, fosfor, oksygen, svovel, selen, fluor, klor, brom, jod, helium, neon, argon, krypton, xenon og radon. Sjølv om mindre enn 1/4 av talet på grunnstoff er ikkje-metall, utgjer dei meir enn 3/4 av stoffmengda på jorda.

Fornotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Eureka! 9 av Merete Hannisdal, John Haugan og Morten Munkvik. ISBN 978-82-05-33429-8

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]