Ikonoklast

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Statuar ved domkyrkja i Utrecht som blei øydelagde av biletstormarar på 1500-talet.

Ikonoklast (av gresk eikon, 'bilete' og klastes, 'person som bryt noko sund', av klao, 'bryte sund') er ein biletstormar. Omgrepet er bruka om den eine sida i striden om bruk av bilete, spesielt ikon, i gudsdyrking.

Det rikelege bruken av ikon og kulten rundt desse ikona i det bysantiske riket førte til ein reaksjon på 700-talet. Keisar Leo III] skifta i 720 ut biletet av Kristus på myntane med eit portrett av keisaren. Keisaren fordømte alt ikonvesen, og i 730 gav han ordre om at alle gudebilete skulle øydeleggjast. Biletstormarane (ikonoklastane) øydela òg veggmosaikkar med religiøse motiv. Son hans, Konstantin V, skjerpa inn biletforbudet, slik at det vart forbode å eige eit bileta ev ein heilag person.

Ved det andre kyrkjemøtet i Nikea i 787 vart bilete på nytt tillatne, men striden heldt fram til det i 823 vart utforma ein ny teologi rundt bileta. Då vart det slått fast at ikona ikkje var gjenstand for tru, men hjelpemiddel for trua.

Biletstormarar i reformerte kyrkjer[endre | endre wikiteksten]

Under reformasjonen1500-talet oppstod ein liknande biletstrid, då biletstormarar øydela kyrkjekunst i nordeuropeiske kyrkjer, spesielt i dei reformerte kyrkjene.

På same måten som dei klassiske ikonoklastane, grunnga biletstormarane under reformasjonen motstanden mot bileta med forbodet mot avgudsdyrking og gudebilete i det første (og i nokre tolkingar andre) bodordet.


Islamske parallellar[endre | endre wikiteksten]

Også i den islamske verda var ikonoklasmen periodevis sterk. Innan denne kulturkretsen er derfor kalligrafien og non-figurativ mosaikk kunstartar som har utvikla seg vidare, medan avbilding av personar har vore totalforbode i somme islamske retningar.