Ilåt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ilåt, ting til å ha noko oppi.
Tarm klar til å brukast til pølseilåt.

Ilåt, av norrønt ílát (av late), er ein ting til å ha noko i. I delar av landet er ordet bruka om bytter, kar, posar og liknande. Andre stader, som Nord-Vestlandet og nordafjells, er det helst bruka om tarmar og magesekk bruka som ilåt for pølser.

Ilåt kan ein lage av godt reingjorte tarmar, skrapte reine for feitt. Eit ilåt sydd av vomma kan ein kalle eit vomilåt.

Overført tyding og andre språk[endre | endre wikiteksten]

Vomilåt vert ikkje like fine som andre ilåt, difor er ordet 'vomilåt' bruka som nedsetjande karakteristikk; «ho såg ut som eit vomilåt» (Helgeland).

Det engelske ordet for «ilåt» er container.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Ilåt i matlaging: