Il re pastore

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Il re pastore
K. 208
Opera av Wolfgang Amadeus Mozart
Sjanger Opera
Periode Wienerklassisismen
Komponert 1775
Typisk lengd 110:09
Satsar 14 (2 akter)
Libretto av Metastasio

Il re pastore (Gjetarkongen) er ein opera, K. 208, skriven av Wolfgang Amadeus Mozart til ein italiensk libretto av Metastasio, redigert av Gianbattista Varesco. Det er ein opera seria. Operaen vart først framført den 23. april 1775 i Salzburg, på slottet til erkebiskop grev Hieronymus von Colloredo.

I 1775 vart operaen bestilt for eit besøk av erkehertug Maximilian Franz av Austerrike, den yngste sonen til keisarinna Maria Teresia til Salzburg. Mozart brukte seks verker på operaen. Han bestod av to akter og varte omkring 110 minutt.

Metastasio skreiv librettoen i 1751, basert på eit verk av Torquato Tasso kalla Aminta. Librettoen vart plukka opp då Mozart (berre 19 år på den tida) og faren såg ei framsyning med musikk av Felice Giardini – Mozart-versjonen har to akter i staden for Giardini sine tre, og det var fleire store endringar.

Verket vert ofte ikkje kalla ein opera, men ein serenata, ein slags dramatisk kantate.

Roller[endre | endre wikiteksten]

Rolle Stemme Premierebesetning, 23. april 1775
(Dirigent: Wolfgang Amadeus Mozart )
Aminta, ein gjetar, rettmessig arving til Sidon sopran (kastrat) Tommaso Consoli[1]
Elisa, Fønikisk gjetarinne sopran Marie Anna Fesemayr
Tamiri, dotter til ein avsett tyrann, Stratone sopran Marie Magdalena Lipp[R 1]/Marie Anna Braunhofer
Agenore, Sidonisk aristokrat tenor Felix Hofstätter
Alessandro, Konge av Makedonia tenor Franz Anton Spitzeder
  1. Marie Magdalena Lipp was married to Michael Haydn. She had also created the role of Barmherzigkeit (Divine Mercy) in Mozart's first syngespel, Die Schuldigkeit des ersten Gebots to which her husband had contributed the second part (now lost).

Ariar[endre | endre wikiteksten]

Akt 1
  • "Intendo, amico rio" – Aminta
  • "Alla selva, al prato" – Elisa
  • "Aer tranquillo e di sereni" – Aminta
  • "Si spande al sole in faccia" – Alessandro
  • "Per me rispondete" – Agenore
  • "Di tante sue procelle" – Tamiri
Akt 2
  • "Barbaro! oh Dio mi vedi" – Elisa
  • "Se vincendo vi rendo felici" – Alessandro
  • "L'amerò, sarò costante" – Aminta
  • "Se tu di me fai dono" – Tamiri
  • "Sol può dir come si trova" – Agenore
  • "Voi che fausti ognor donati" – Alessandro

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]