İlham Əliyev

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Ilham Aliyev)
İlham Əliyev

Statsborgarskap Aserbajdsjan
Fødd 24. desember 1961 (62 år)
Baku
Yrke politikar
Språk russisk, tyrkisk, fransk, Aserbajdsjansk, engelsk
Høgd 188 centimeter
Verv President i Aserbajdsjan
Periode 2003-
Føregangar Heydər Əliyev
Verv Statsminister i Aserbajdsjan
Periode 2003-2003]]
Føregangar Artur Rasizadə
Etterfylgjar Artur Rasizadə
Politisk parti Yeni Azərbaycan Partiyası
Religion Islam, Sjiaislam
Far Heydar Aliyev
Mor Zarifa Aliyeva
Ektefelle Mehriban Aliyeva
Nettstad https://president.az/
İlham Əliyev på Commons

İlham Heydər oğlu Əliyev, ofte skrive Ilham Alijev (fødd 24. desember 1961 i Baku i Aserbajdsjan) er ein aserbajdsjansk politikar og president i Aserbajdsjan sidan 31. oktober 2003. Han er son av den førre presidenten i Aserbajdsjan, Heydər Əliyev.

İlham Əliyev hadde ein privilegert oppvekst. Faren vart leiar for KGB i Aserbajdsjan då han var seks år gamal, og seinare leiar for kommunistpartiet i Aserbajdsjan og medlem av politbyrået i det sovjetiske kommunistpartiet. I 1977 starta han studiar ved Det statlege instituttet for internasjonale tilhøve i Moskva. Då han var ferdig med studiane underviste han der, til 1990. Etter at Sovjetunionen braut saman var Əliyev forretningsmann i Moskva og Istanbul. I 1993 kom faren til makta som president i Aserbajdsjan, og etablerte snart eit autoritært regime. I 1995 vart İlham Əliyev vald inn i parlamentet i Aserbajdsjan. I august 2003, to månader før presidentvalet, vart İlham Əliyev utnemnd til statsminister av faren. Då valet nærma seg gjekk faren av som president, og utropte İlham Əliyev til regjeringspartiet sin kandidat til presidentvalet. Ved valet 15. oktober 2003 vann İlham Əliyev med 76,8 % av røystene, ifylgje dei offisielle resultata. Internasjonale observatørar, mellom anna frå OSSE erklærte at valet ikkje hadde vore fritt og rettferdig. Opposisjonen i landet godtok ikkje resultatet og arrangerte gatedemonstrasjonar, som vart brutalt slått ned. Faren, Heydər Əliyev, døydde i desember same året.

Menneskerettssituasjonen i Aserbajdsjan har ikkje betra seg under İlham Əliyev sitt styre. Opposisjonen vert ikkje tillate å halda demonstrasjonar og møte, og opposisjonspolitikarar og journalistar vert utsette for sterkt press.[1]

İlham Əliyev er gift og har tre døtrer. Kona, Mehriban Əliyeva, sit i det aserbajdsjanske parlamentet.

Mogleg terrormål[endre | endre wikiteksten]

Tryggingsdepartementet i Aserbajdsjan hevda etter finalen i Eurovision Song Contest 2012 at dei hadde avverja eit mogleg terroråtak på Bakı Kristal Zalı, arenaen der Eurovision Song Contest 2012 vart arrangert, då dei arresterte om lag 40 personar i Aserbajdsjan. Under arrestasjonen vart éin person drepen. I tillegg til arenaen var òg politibygningar, hotell, mellom anna Hilton Baku og JW Marriott Absheron Baku Hotel, moskear og İlham Əliyev moglege terrormål.[2][3]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. arkivkopi, arkivert frå originalen 8. februar 2007, henta 8. februar 2007 
  2. NRK, 30.05.12: Hevder å ha avverget terror
  3. ABC Nyheter, 30.05.12: - Toojis hotell var terrormål, arkivert frå originalen 1. juni 2012, henta 30. mai 2012