Illarion Prjanisjnikov

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Spøkefuglar. Marknad i Moskva, 1865
Påskedagen i nord, 1887
Påskeprosesjon, 1893

Illarion Mikhailovitsj Prjanisjnikov (russisk: Илларион Михайлович Прянишников), (20. mars 184012. mars 1894) var ein russisk kunstmålar, ein av grunnleggarane av Peredvizjnikij-gruppa.

Yngre år[endre | endre wikiteksten]

Illarion Prjanisjnikov var av handelsslekt. Han kom til verda i landsbyen Timasjovo (no i Kaluga oblast). Frå 1856 til 1866 studerte han ved Moskvas skule i måling, bilethogging og arkitektur under Sergej Zarjanko.

Med biletet Spøkefuglar. Marknad i Moskva, måla det siste læreåret, vann han seg omgåande eit vidt ry. På det vesle lerretet gir han ei original løysing på ei side av temaet fornedring av menneskeverdet, på det kjenselause og råskapen i verda, der allting vert kjøpt og vert seld. Etter skildringa av dei berusa kjøpmennene, som under hån vert overtala til å danse til trekkspelet, og ein fattig embetsmann, demonstrerer kunstnaren truverdig eit heilt galleri av døme på moralsk lytefulle og sjølvtilfredse pøbelhaldningar. Måleriet vekte harme hos ein del av dei som var tilhengarar av den offisielt aksepterte akademi-kunsten. For desse framstod den unge kunstmålaren som øydeleggjaren av kunstens høge hugmål, som i si ideelle form skulle uttrykke dei evige sanningar.

Etablert målar[endre | endre wikiteksten]

I 1870 vart Prjanisjnikov utnemnt til “målar av første grad”. Frå 1873 til han døydde underviste han ved Moskvas skule i måling, bilethogging og arkitektur. Mellom dei som gjekk i lære hos han var Konstantin Korovin og Mikhail Nesterov.

Heilt frå danninga av Peredvizjnikij-gruppa var han medlem i denne. Og frå og med den andre vandreutstillinga var han ein av leiarane i foreininga. Sjølv om Prjanisjnikov i hovudsak budde i Moskva, vitja han ofte Nord-Russland der han laga skisser. Han tok del i utsmykkinga av Frelsaren Kristus-katedralen.

Prjanisjnikov døydde i Moskva, der ei gate ber namnet hans.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Illarion Prjanisjnikov