Iller

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Iller
elv
Illerursprung.jpg
Iller nær Oberstdorf
Land Flag of Germany.svg Tyskland
Nedslagsfelt 2 152 km²
Lengd 147 km
Middelvassføring 90 /s
Kjelde Dei nordlege kalksteinsalpane
Munning Donau
Wikimedia Commons: Iller

Iller (Ilargus i antikken) er ei elv i Bayern sør i Tyskland, og ei av sideelvane til Donau frå høgre med ei lengd på 147 km. Ho har sitt utspring nær Oberstdorf i Allgäu-regionen i Alpane, nær grensa til Austerrike. Frå her renn ho nordover og gjennom byane Sonthofen, Immenstadt og Kempten. Mellom Lautrach nær Memmingen og Ulm dannar ho grensa mellom dei to tyske delstatane Bayern og Baden-Württemberg i om lag 50 km. Ho munnar ut i Donau i byen Ulm.

Ein sykkelveg følgjer Iller, som òg er ei populær elv for rafting og turgåing.

Elva vert nytta til produksjon vasskraft ved hjelp av åtte kraftverk med ein total kapasitet på 51 MW (1998).

Kjelde[endre | endre wikiteksten]