Illuge Bryndølaskald
Utsjånad
Illuge Bryndølaskald (norrønt: Illugi Bryndælaskáld) var ein islandsk skald som levde på byrjinga av 1000-talet.
Ikkje noko om livet til denne skalden er kjent. Ein gissar på at han har fått tilnamnet sitt fordi han dikta om bryndølane, eller kanskje var han frå Brynjudalur, ei lita grend sør-vest på Island.
Desse dikta av Illuge, er kjende:
I Skaldatal[3] er han ført opp som skald hos kong Harald Hardråde (1015-1066), og versa han dikta om denne kongen, handlar ferdene hans austanfor (austrfǫr), i Frankrike (Frakka) og i landa i sør (sunnlǫnd).
Referansar
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Dikt om Harald Hardråde (Skaldic Project)
- ↑ Lausavise (Skaldic Project)
- ↑ Skáldatal på norrønt, frå is.wikisource
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Finnur Jónsson (1910). Den oldnorske og oldislandske litteraturs historie 1. København: G.E.C. Gads Forlag. s. 621.
- Bjarne Fidjestøl (1982). Det norrøne fyrstediktet. Øvre Ervik: Alvheim & Eide. ISBN 8290359071.