Illyrarkrigane

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Den første illyrarkrigen
Del av Illyrarkrigane
Dato 229-228 fvt.
Stad Illyria
Resultat Romersk siger, det illyriske sjørøveriet forsvann for ei stund
Partar
Den romerske republikken Illyria
Kommandantar
Lucius Postumius Albinus
Gnaeus Fulvius Centumalus
Teuta
Den andre illyrarkrigen
Del av Illyrarkrigane
Dato 220-219 fvt.
Stad Illyria
Resultat Romersk siger, Demetrius flyktar
Partar
Den romerske republikken Illyria
Kommandantar
Lucius Aemilius Paullus Demetrius av Faros


Illyrarkrigane var to krigar i 229 fvt. og 219 fvt. der Den romerske republikken gjekk til åtak på illyriske busetnader i dalen Neretva og gjorde slutt på sjørøveriet som hadde gjort Adriahavet til utrygt farvatn for italiensk handel. Illyrarkrigane bestod av to krigar, den første mot Teuta og det ander mot Demetrius av Faros. Det første felttoget i 229 fvt. var første gong den romerske marinen kryssa Adriahavet for å gjere ein invasjon.[1]

Den første illyrarkrigen[endre | endre wikiteksten]

I den første illyrarkrigen, som varte frå 229 fvt. til 228 fvt., auka Roma si uro for handelsrutene over Adriahavet etter den første punarkrigen, då mange av stammene i Illyria vart samla under ei dronning, Teuta. Då ein romersk utsending vart avliva etter ordre frå Teuta[2] og illyrarane gjekk til åtak på italienske handelsskip verna av Roma, sende det romerske senatet ein hær kommandert av konsulane Lucius Postumius Albinus og Gnaeus Fulvius Centumalus. Roma dreiv bor tdei illyriske garnisonane i dei greske byane Epidamnus, Apollonia, Corcyra, Faros og andre og oppretta eit protektorat for desse greske byane.

Romarane sette òg Demetrius av Faros til makta i Illyria som ei motvekt til Teuta si makt.[3]

Den andre illyrarkrigen[endre | endre wikiteksten]

Den andre illyrarkrigen varte frå 220 fvt. til 219 fvt. I 219 fvt. var Den romerske republikken i krig med keltarane i Gallia Cisalpina og Den andre punarkrigen mot Kartago var i ferd med å byrje. Dette gav Demetrius tida han trong til å byggje ein ny illyrisk krigsflåte. Demetrius førte flåte på 90 skip sør for Lissus og braut dermed den tidlegare avtalen sin og starta med det krigen.

Demetrius sin flåte gjekk til åtak på Pýlos der han tok 50 skip etter fleire forsøk. Frå Pýlos segla flåte så til Kykladane og slo ned all motstand dei møtte på vegen. Demetrius var så dumdristig nok til å sende ein flåte over Adriahavet og delte flåten i to. Den illyriske byen Dimale vart erobra av den romerske flåten under Lucius Aemilius Paulus. Frå Dimale segla flåten mot Faros. Dei romerske styrkane sende bort illyrarane og Demetrius flykta til Makedonia, der han vart ein tiltrudd rådgjevar i hoffe ttil Filip V av Makedonia fram til han døydde i Messene i 214 fvt.

Etterverknad[endre | endre wikiteksten]

Illyria vart til slutt erobra i 168 fvt. Etter førti år med kampar mot Illyria vart han ein romersk provins, men det tok enno hundre år før alle stammene langs kysten av Illyria og Dalmatia vart underlagt.

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Gruen, 359.
  2. Zock, 99.
  3. Eckstein, 46-59.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Eckstein, Arthur. “Polybius, Demetrius of Pharus and the Origins of the Second Illyrian War.” Classical Philology 89, no. 1 (1994): 46-59
  • Gruen, Erich S. (1984). The Hellenistic World and the Coming of Rome: Volume II. Berkeley: University of California Press. ISBN 0-520-04569-6 (2 vols.)
  • Zock, Paul A. (1998). Ancient Rome: An Introductory History. Oklahoma: University of Oklahoma Press.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]