Ilmen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Ilmen
innsjø
none  Frå sørkysten av Ilmen.
Frå sørkysten av Ilmen.
tilsig Msta, Lovat, Sjelon
utløp Volkhov
Høgd over havet 18 moh moh
Lengd 40 km km
Breidde 32 km km
Volum 908 km³ km³
Areal 982 km² km²
Wikimedia Commons: Ilmen Lake

Ilmen (russisk Ильмень) er ein historisk viktig innsjø i Novgorod oblast i Russland, som tidlegare var ein viktig del av handelsruta frå væringane til grekarane. Byen Novgorod ligg seks kilometer nedanfor utsiget til innsjøen.

Hhan har eit gjennomsnittleg overflateareal på 982 km² (kan variere frå 733 til 2090 km² avhengig av vassnivået). Innsjøen får vatn frå 52 elvar og dei fire største er Msta, Pola, Lovat, Sjelon og har eitt utsig, Volkhov som munnar ut i Ladoga og vidare via Neva til Finskebukta.

Vassnivået vert regulert av Volkhov vasskraftverk i elva Volkhov. I juli har innsjøen ein temperatur på 19-20 °C og badesesongen varer om lag 90 dagar. Det går skipsruter frå Novgorod til Staraja Russa og frå Novgorod til Sjimsk.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]