Ilmenau

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ilmenau
by
Våpenskjold
Land  Tyskland
Stat Thüringen
Areal 168,18 km²
Folketal 39 127 (31. desember 2022)
Kart
Ilmenau
50°41′14″N 10°54′51″E / 50.687222222222°N 10.914166666667°E / 50.687222222222; 10.914166666667
Wikimedia Commons: Ilmenau

Ilmenau er ein by og ein kommune i landkrinsen Ilm-Kreis i delstaten Thüringen i Tyskland. Kommunen har ei flatevidd på 198,7 km² og i kring 39 000 ibuarar. Byen ligg på ei slette ved nordaustkanten av Thüringer Wald, 500 meter over havet og 33 km vest om Erfurt. Ilmenau hyser Technische Universität Ilmenau, ein institusjon som utdannar folk til ulike realfag.

Soge[endre | endre wikiteksten]

Ilmenau var ein liten by før ein fekk jarnbanesamband i 1879. Det neste hundreåret voks det fram ulike industriar, som sidan 1990 for det meste har gått tapt. Turisme har spelt ei viss rolle heilt sidan Johann Wolfgang Goethe frekventerte staden på tidleg 1800-tal. Fleire verdstoppar i idrettar som bobsleigh, pistolskyting og skiskyting har hatt opphav i Ilmenau, mellom dei Andrea Henkel.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Ilmenau