Ilminster
| Ilminster | |||
| by | |||
Ilminster i 2012. Foto: Nick Chipchase | |||
| Land | |||
|---|---|---|---|
| Region | Somerset | ||
| Folketal | 5 964 (2021)[1] | ||
| Postnummer | TA19 | ||
| Retningsnummer | 0 1460 | ||
![]() Ilminster 50°55′34″N 2°54′41″W / 50.9262°N 2.9114°W | |||
| Wikimedia Commons: Ilminster | |||
Ilminster er ein by i grevskapet Somerset i England. Han har kring 6 000 innbyggjarar. Byen ligg aust for krysset mellom hovudvegane A303 (London til Exeter) og A358 (Taunton til Chard og Axminster). Han ligg nær River Isle.
Historie
[endre | endre wikiteksten]
Ilminster er nemnd i dokument frå 725 og i eit charter gjeve til Muchelney Abbey (10 mile (16 km) nord for byen) av Ethelred II av England i 995. Ilminster er også nemnd i Domesday Book frå 1086 som «Ileminstre», med tydinga 'kyrkja på elva Isle', frå gammalengelsk ysle og mynster. På denne tida var Ilminster eit blomstrande samfunn som fekk løyve til å halda ein marknad ein gong i veka.
Kyrkja byen har namn etter er vigd til jomfru Maria, og er kjend som The Minster. Den noverande bygningen i hamstone, ein kalkstein frå Ham Hill i Somerset, og stammar frå 1400-talet. Han blei renovert i 1825 av William Burgess, medan koret blei restaurert i 1883. Det blei utført vidare restaurasjonsarbeid i 1887–1889 og 1902.
Galleri
[endre | endre wikiteksten]- Ilminster sentrum i 1987.
- Pubben Dolphin Inn
- East Street
- Middlefield Farmhouse
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «Parish Profiles». Office for National Statistics. Henta 5. august 2024.
- Denne artikkelen bygger på «Ilminster» frå Wikipedia på engelsk, den 19. juli 2011 og 4. september 2023.
