Ilona Slupianek

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Ilona Slupianek
Bundesarchiv Bild 183-W0124-0029, Ilona Slupianek cropped.jpg
Fødd 24. september 1956
Demmin
Ilona Slupianek på Commons
Ilona Slupianek i 1977

Ilona Slupianek, fødd Ilona Schoknecht, (fødd 24. september 1956) er ein tysk tidlegare friidrettsutøvar frå Demmin som representerte Aust-Tyskland i kulestøyt. Ho vart europameister i 1978 og 1982, og vann i mellomtida gullmedaljen i øvinga under OL 1980 i Moskva. Hennar personbeste, 22,45 meter, var verdsrekord 1980-84.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Doping[endre | endre wikiteksten]

Ilona Schoknecht vann kulestøyt i junior-EM 1973. Ho vart så nummer fem i Sommar-OL 1976, før ho i 1977 vann kuletevlinga under Europacupen for landslag i Helsinki. Her vart ho teken for bruk av det forbodne stoffet nandrolon og utestengd i eitt år frå friidrettsbana.

Verdseinar[endre | endre wikiteksten]

Utestenginga tok slutt to dagar før kulestøyt stod på programmet ved friidretts-EM 1978 i Praha. Ilona Slupianek sette då meisterskapsrekord med 21,41 m og vart suveren europameister framom tsjekkoslovakiske Helena Fibingerová, og med hennar eiga landskvinne Margitta Droese på bronseplass.

Den 11. mai 1980 sette Slupianek ny verdsrekord i kulestøyt med 22,45 meter under eit stemne i Potsdam, ein rekord som stod i fire år, til dess Natalja Lisovskaja forbetra den. Framleis i 2016 er Slupianek nummer to på verdstatistikken i kulestøyt for kvinner. Under dei olympiske leikane 1980 i Moskva støytte Slupianek heile 22,41 m og vart olympisk meister, ho nådde nesten ein meter lengre enn toaren, Svetlana Kratjevskaja frå Sovjetunionen.

Ved EM 1982 i Aten forsvarte Slupianek EM-tittelen, som i forrige EM med Helena Fibingerová på andreplass. Året etter enda ho på bronseplass, etter nettopp Fibingerová og si eiga landskvinne, Helma Knorscheidt.

Etter som Aust-Tyskland boikotta Sommar-OL 1984 i Los Angeles, deltok ho ikkje i leikane. Ho gifta seg med kulestøytaren Hartmut Briesenick og vart mor til to born. Sommaren 1988 prøvde ho fånyttes å kvalifisere seg til Sommar-OL 1988 i Seoul.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

  • OL 1976 i Montreal: Nr 5 – 20,54 m
  • EM 1978 i Praha: Gullmedalje 21,41 m, framom Helena Fibingerová (20,86 m)
  • OL 1980 i Moskva: Gullmedalje 22,41 m, framom Svetlana Kratsjevskaja (21,42 m)
  • EM 1982 i Aten: Gullmedalje 21,59 m, framom Helena Fibingerová (20,94 m)
  • VM 1983 i Helsinki: Bronsemedalje 20,56 m, framom Nunu Abasjidze (20,55 m)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]