Imarsundet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Imarsundet er eit sund mellom Stabblandet og Ertvågsøya i Aure kommune på ytre Nordmøre. I nord munnar sundet ut i Trondheimsleia, og i sør i Vinjefjorden. Fram til 2007 var det ferjesamband (Møre og Romsdal Fylkesbåtar) mellom Aukan–og Vinsternes, ved nordenden av Imarsundet. Frå 2007 er det bru over Imarsundet; sjå Imarsundprosjektet.