Imigongo

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Imigongo framsynt ved den internasjonale geografifestivalen i Saint-Dié-des-Vosges i Frankrike.

Imigongo er ei form for biletkunst frå Rwanda. Dette er ei form for veggkunst som tradisjonelt blir måla med tørka kumøkk blanda med ulike naturfargar som raudt, kvitt, grått og svart. Tradisjonelle imigongomåleri har abstrakte mønster av geometriske former og spiralar. Nyare kunst kan også vera figurativ.

Imigongo blei opphavleg måla på veggar inne i hus, men kan i dag også målast utanpå hus, på treplater, lerret og på keramikk. Måleria blir laga ved at ein skaper relieff av dei figurane ein ønsker med kumøkk. Etter at relieffet har tørka og blitt hard, måler ein med fargane ein ønsker. Målinga føregår i fleire omgangar etter at tidlegare lag eller fargar har tørka.

Imigongokunst skal ha blitt funnen opp i Kibungo (no Austprovinsen i Rwanda) av prins Kakira, son av kongen av Gisaka, tidleg på 1800-talet. Det er likevel vanlegvis kvinner som lagar imikongobilete.

Naturlege lokale fargestoff brukte til imigongomåleri er raud oker frå jorda, kaolin som gjev kvitfarge og svart frå bananskal og saft frå aloe vera og Solanum aculeastrum. Desse fargane kan blandast slik at ein til dømes får den karakteristiske gråfargen.

Industrielle målingstypar har fortrengde mykje av den gamle målingsblandinga, og saman med folkemordet i Rwanda på 1990-talet var det fare for at tradisjonen skulle gå tapt. Ulike kooperativ, fleire av dei danna av enkjer, er blitt danna etter uroa for å vidareføra skikken og produsera imigongobilete for sal.

Døme på imigongomønster[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Imigongo