Immateriell verdsarv
Immateriell verdsarv er ei utviding av omgrepet kulturell verdsarv til ikkje berre å femne om å take vare på bygningar, monument og gjenstandar, men òg tradisjonar og andre liknande kulturelle uttrykk som har gått i arv frå tidlegare generasjonar, og som er verd å takast vare på for nye generasjonar. Dei sameinte nasjonanes organisasjon UNESCO har vedteke ein konvensjon 17. oktober 2003 om vern av den immaterielle kulturarven.
Døme på slik immateriell verdsarv er munnlege forteljartradisjonar, song (til dømes fado), dans (til dømes flamenco) og anna framføringskunst, sosial praksis, seremoniar og ritual, praksis knytt til festdagar og høgtidsdagar, kunnskap og framgangsmåtar for å framstille handverksprodukt (til dømes oselvar), tru og førestillingar om naturen, verda og universet.