Immersjonsmetode

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Immersjonsmetode vert nytta for å avgjere brytningsindeksen til eit mineral. Små fragment av mineralet blir plassert i såkalla immersjonsvæsker med kjent brytningsindeks. Under mikroskopet vil ein sjå ei lyslinje, kalla Beckes lyslinje rundt mineralkorna. Ved å senke mikroskopbordet vil lyslinja røre seg inn i det mediet som har den høgaste brytningsindeksen. Konturane til kornet vil forsvinne når brytningsindeks til kornet er heilt samanfallande med væska sin.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]