Immunologi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Den nøytrofile granulocytten utgjer ein del av førstelinjeforsvaret til immunforsvaret, og er derfor ein viktig del av immunologien.

Immunologi er læra om immunforsvaret og korleis det reagerer i alle organismar.

Immunologi dreiar seg om korleis immunforsvaret fungerer i ein sjuk og frisk kropp, og kva som skjer når immunforsvaret ikkje verkar som det skal (autoimmune sjukdommar, allergiar, immunsvikt og ved transplantasjonar). Det handlar òg om dei fysiske, kjemiske og fysiologiske kjenneteikna av dei ulike delane av immunforsvaret, både in vitro, in situ og in vivo. Dei organa som utgjer immunsystemet vart oppdaga lenge før konseptet om immunitet var forstått. Dei primære lymfatiske organa til immunforsvaret er tymus og blodmergen og dei sekundære er milten, tonsillane, lymfeårene, lymfekjertlane, adenoiden, huda og levra.

Immunologien blir òg nytta i andre medisinske fagdisiplinar, som psykonevroimmunologi

Spire Denne medisinartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.