Improvisasjon

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jam-session med W.E. Smith i New York.
Foto: Paolo Monti, 1960

Improvisasjon (frå italiensk improvviso, uventa) er å gjere noko «på ståande fot» utan å ha førebudd det eller å ha tenkt det ut på førehand.

Improvisasjon er viktig innanfor musikk, teater, dans, poesi og livet generelt.

I musikk[endre | endre wikiteksten]

Mange musikarar improviserer når dei spelar. Det vil seie at dei ikkje har planlagt nøyaktig kva notar dei skal spele på førehand, men at dei til dømes improviserer i forhold til ein gjeven akkordprogresjon.

Mange tenkjer først og fremst på jazz når ein snakkar om musikk og improvisasjon, men stort sett alle sjangrar kjenner omgrepet. Sjølv Mozart improviserte på si tid, og ein hadde ofte improvisasjonsduellar der ein fekk ein melodi frå salen og improviserte med utgangspunkt i denne melodien.

Ein kan også seie at all komposisjon ein eller annan gang har vore improvisasjon, ettersom ein komponist har tenkt det utan å vite akkurat kva han eller ho skulle tenkje.

Improvisasjon i teaterkunst[endre | endre wikiteksten]

Improvisasjon er særleg viktig innan former som teatersport og rollespel. Gateartistar og andre skodespelarar med tett publikumskontak kan også bruka mykje improvisasjon i opptredenane sine.

Improvisasjon i kvardagen[endre | endre wikiteksten]

I dagleg språkbruk tyder improvisasjon bruken av kreativitet for å løyse problem som oppstår. Å bruke reiskapar eller materiale på andre måtar enn opphavleg tenkt er eit typisk eksempel. Snakking er også improvisasjon, fordi ein som oftast ikkje har det klart føre seg kva ein skal seie, men lagar bodskapen etterkvart som han vert framført.