Improvisert bombe

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Granatar rigga som improviserte bomber, funne av irakisk politi i Bagdad, november 2005.
Artilleriammunisjon og bensin funne på ein pickup i Irak i 2005.
Ein amerikansk soldat førebur ein robot for å detonera ein nedgravd IED nær Fallujah i Irak.

Improvisert bombe eller vefbombe (engelsk improvised explosive device, IED) er ei bombe som til dels er laga under relativt primitive tilhøve, i motsetnad til produksjonstilhøva hjå kommersielle fabrikantar av landminer og andre sprenglekamar.[1]

Den enkelte bomba kan samansetjast av militære sprenglekamar, til dømes ein artillerigranat, som vert kopla til ein utløysar. Improviserte bomber er vorte nytta til terroristhandlingar, og dessutan ukonvensjonell krigføring som gerilja eller av kommandosoldatar. Det er ikkje uvanleg å plassera improviserte bomber ved vegar for detonering når køyretøy eller fotgjengarar passerer. Denne typen bomber vert difor kalla «vegkantbomber» (engelsk roadside bombs). Dei kan utløysast ved hjelp av lys-sensor, elektrisk kabel, lunte eller radiosignal.

Større, kraftigare improviserte bomber vert òg plasserte i bilar, i det føremålet å skada dei som er nær bilen. Då vert bomba kalla ei bilbombe, og ho kan utløysast av ei vekkjarklokke, sentrallåsen, tenninga eller ein fjernkontroll.

  • SVBIED står for Suicide Vehicle Born Improvised Explosive Device - Sjølvmordangrep med improvisert bilbombe eller anna køyretøy.
  • RCBIED står for Remote Control Born Improvised Explosive Device - Improvisert bombe ført av drone eller anna fjernstyrt køyretøy.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Nemninga «IED» har vore brukt sidan 1970-talet av den britiske hæren, etter at den paramilitære organisasjonen IRA produserte bombar med semtex (smugla frå Libya) og kunstgjødsel, som vart nytta til bombefeller og fjernstyrte bombar[2].

Denne typen bomber vart òg nytta i Irak og Afghanistan på 1990- og 2000-talet.

I 1992 vart den italienske dommmaren Giovanni Falcone drepen av ei fjernstyrt bombe (350 kg) som låg nedgravd ved ein veg.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. «home.mytelus.com». home.mytelus.com. Arkivert frå originalen 14. mars 2012. Henta 11. mai 2012. 
  2. NATO Glossary of Terms and Definitions (AAP-6) (PDF). North Atlantic Treaty Organization. 2010. s. 2-1-2. Arkivert frå originalen (PDF) 17. oktober 2015. Henta 23. desember 2017.