Impuls i fysikk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Impuls eller kraftstøyt er i fysikk kraft gonger den tida krafta verkar. Lekamen som krafta verkar på får ved kraftstøyten ei forandring i rørslemengda si. Forandringa i rørslemengd er ofte misvisande vorte kalla impuls.

I elektrisitetslæra brukast iblant impuls i tydinga kortvarig straumstøyt (straumimpuls), men som regel brukar ein heller nemninga puls i denne samanhengen.

Formel[endre | endre wikiteksten]

der

I er impuls (anna symbol nytta er òg J),
F er krafta, og
dt er ei infinitesimal tid.

Viss F er konstant, vert dette redusert til som er lik produktet av krafta og tida

Eininga for impuls er newtonsekund, Ns.

Siden tida t er ein positiv skalar, vil impulsen ha same retninga som krafta.

Impulslova[endre | endre wikiteksten]

Ein lekam med masse blir påverka av ein konstant kraft i tida . Startfarten er og sluttfarten er .

Akselerasjonen blir

Av den andre lova til Newton

Me veit at rørslemengd er definert som

Når ein lekam er påvekra av krefter, gjev resultantkrafta lekamen ein impuls som er lik forandringa i rørslemengda til gjenstanden.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]