Imre Thököly

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Imre Thököly
Thokolyi.jpg
Fyrste av Transilvania
Regjeringstid22. september 1690 - 25. oktober 1690
Fødd25. september 1657
FødestadKésmárk/Käsmark, Kongedømet Ungarn,
Habsburgmonarkiet (i dag Kežmarok i Slovakia)
Død13. september 1705
Dødsstadİzmit i Det osmanske riket (i dagens Tyrkia)
Gravstadİzmit (1705)
Kežmarok sidan 1906
FøregangarMichael I Apafi
EtterfølgjarFrans II Rákóczi
Gift medJelena Zrinska
FarIstván Thököly
MorMária Gyulaffy
BornElizabeth Thököly

Grev Imre Thököly de Késmárk (Thököly/Tököly/Tökölli Imreungarsk, Mirko Thökölykroatisk, Imrich Tökölislovakisk) (25. april 165713. september 1705) var ein ungarsk fridomshelt.

Han var statsmann, og leiar for eit anti-habsburgsk opprør, fyrste av Transilvania og ei kort tid vasallkonge av Øvre Ungarn.

I 1678 stilte han seg i spissen for ein hær av opprørske magyarar som i løpet av kord tid erobra heile det nordlege Ungarn. Han fekk støtte av Frankrike og Det osmanske riket, men etter at austerrikarane sigra i den store tyrkiske krigen mot sultanen i 1683-1688, braut det nordungarske fyrstedømet hans saman. I 1690 erobra han Transilvania og vart valt til fyrsten deira, men etter berre to månader vart han drive bort av dei austerrikske styrkane. Frå 1699 budde han i Tyrkia, der han døydde etter fleire resultatlause forsøk på å få krigen mot Austerrike i gang igjen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]