Imshaug stavkyrkje

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Portalplanke frå Imshaug, no på Kulturhistorisk museum i Oslo

Ved garden Imshaug i Sørum, ikkje langt frå Blakersund, har det tidlegare stått ei kyrkje. Ho vart vigsla til Jomfru Maria morgonen etter Blasi dag, altså 4. februar. Kyrkja er omtala som Imishaughs kirkia i jordeboka til biskop Eystein (ca. 1400).[1] Ein trur at kyrkja var lagt ned før eller omkring reformasjonen, for biskop Jens Nilssøn omtalar i si visitasskildring Imisshoug capel som «aldeles øde».[2]

Gjenstandar frå kyrkja[endre | endre wikiteksten]

Tre bevarte plankar frå den nedlagde kyrkja tyder på at det dreide seg om ei stavkyrkje. Den eine planken, som har vore brukt i eit stabbur, har rankeutskjeringar og er no i Kulturhistorisk museum i Oslo, medan dei to andre framleis finst lokalt på garden. Ein bevart hjulkross syner at det var kyrkjegard på staden.[3]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. H.J. Huitfeldt-Kaas, red. (1878). Biskop Eysteins Jordebog (Den røde Bog). Fortegnelse over det geistlige Gods i Oslo Bispedømme omkring Aar 1400. Tredje Hefte. Christiania. s. 443. 
  2. Yngvar Nielsen, red. (1885). Biskop Jens Nilssøns visitatsbøger og reiseoptegnelser 1574-1597. A.W. Brøgger. s. 9. 
  3. Kulturminnesøk.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]