Hopp til innhald

Imsland

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Imsland sokn)
Imsland kyrkje

Imsland er eit sokn i Vindafjord kommuneHaugalandet i Rogaland fylke. Det var tidlegare også ein kommune.

Imsland sokn

[endre | endre wikiteksten]

Soknet femnar om bygdene på nordsida av Vindafjordens austre arm, og har 313 innbyggjarar (2013). Det høyrer til Haugaland prosti.

Imsland kommune

[endre | endre wikiteksten]

Då dei norske kommunane vart oppretta ved formannskapslovene i 1837 var Imsland ein del av Vikedal kommune, men vart i 1923 frådelt som ein eigen kommune, då med 604 innbyggjarar. I 1965 vart Imsland kommune nedlagd og gjekk inn i den nyoppretta Vindafjord kommune, med unnatak for Finnvik krins på Ropeidhalvøya, som vart overført til Suldal kommune. Han hadde då 433 innbyggjarar, 61 av dei Finnvik krins.