In Camera av Peter Hammill

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
In Camera av Peter Hammill
Studioalbum av Peter Hammill
Språk engelsk
Utgjeve Juli 1974
Innspelt Desember 1973 – april 1974
Studio
Sjanger Kunstrock, progressiv rock, psykedelisk rock
Lengd 47:47
Selskap Charisma
Produsent Peter Hammill
Peter Hammill-kronologi 
The Silent Corner and the Empty Stage
(1974)
In Camera av Peter Hammill Nadir's Big Chance
(1975)


Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
Allmusic3/5 stars[1]

In Camera er det fjerde studioalbumet til den engelske musikaren Peter Hammill, utgjeve i juli 1974.

Mykje av materialet på albumet vart spelt inn i heimestudioet til Hammill på ein enkel firesporsopptakar. Han tok så lydbanda til Trident Studios, der ekstra lydspor, som trommene til Van der Graaf Generator-kollegaen Guy Evans, vart lagt til og fleire lag med ein ARP 2600 analog synthesizer. Albumet var hovudsakleg mørkt, gotisk og klaustrofobisk, med tekstar fylte med apokalyptiske, religiøse og eksistensielle bilete. «Gog» er ein særskild intens og demonisk song, med (sjølv til Hammill å vere) skingrande og aggressiv vokal, grandiose harmonium-akkordar og kraftfull trommespel. Dette glir inn i «Magog», som i røynda er eit musique concrète-stykke med uhyggeleg bordun, perkussiv støy og ein talt vokal gjennom ein ringmodulator. Songar som «Ferret and Featherbird» og «Again» er mildare, og Hammill har omtalt den første som «noko som kan minne om ein 'søt' song».[2] Albumet var dedisert til broren til Hammill, Andrew.

«Again» vart omarbeidd for Hammill-albumet The Love Songs i 1984.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Alle songar er skrivne av Peter Hammill.

Side ein
Nr.TittelLengd
1.«Ferret and Featherbird»3:43
2.«(No More) the Sub-mariner»5:47
3.«Tapeworm»4:20
4.«Again»3:44
5.«Faint-Heart and the Sermon»6:42
Total lengd:24:26
Side to
Nr.TittelLengd
6.«The Comet, the Course, the Tail»6:00
7.«Gog»7:40
8.«Magog (in Bromine Chambers)»9:41
Total lengd:23:21
Bonusspor frå 2006-utgåva henta frå BBC One John Peel Sessions
Nr.TittelLengd
9.«The Emperor in His War Room»6:39
10.«Faint-Heart and the Sermon»6:05
11.«(No More) the Sub-mariner»6:12

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Teknisk[endre | endre wikiteksten]

  • Peter Hammill - lydteknikar (Sofa Sound, Sussex)
  • David Hentschel – lydteknikar, ARP-programmering, miksing, «studiotrollman» (Trident Studios, London)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Allmusic review
  2. «In Camera». www.sofasound.com. Henta 26. juli 2020.